«Make Europe Great Again» – Ungarsk formannskap i Rådet
Ungarn tok over Belgia sitt roterande formannskap i Rådet 1. juli. Landet har vore medlem av EU sidan den store utvidinga i 2004, då ti nye land kom inn i Unionen. Ungarn leiar Rådet for andre gong og formannskapen vil mellom anna prioritere europeisk konkurransekraft, tryggingspolitikk, demografi og landbruk. Mottoet til formannskapen er «Make Europe Great Again».
Ungarn er tredje og siste land ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Belgia og Spania. Denne våren var store delar av Belgia sitt mandat prega av valet i Europaparlamentet 6. – 9. juni. Den belgiske formannskapen prioritere difor å ferdigstille forhandlingar om resterande initiativ under flaggskipet Green Deal. Nokre av dei viktigaste resultata til Belgia var fullføring av den store lovpakken «Fit for 55» samt politisk einigheit om sentral lovgiving som «Net Zero Industry Act», «AI Act» og naturrestaurering (Nature Restauration Law».
Korleis fungerar formannskapen i Rådet?
Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapen har ansvar for å leie møta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapen har rotert mellom medlemsstatane kvar 6. månad sidan 1958, og dei 27 noverande medlemane får tildelt dette vervet kvart 13,5 år. Ordninga med triosamarbeid, også kalla troika, vart innført i 2009 i samband med Lisboa-traktaten. Det første triosamarbeidet bestod av nettopp Spania, Belgia og Ungarn. Trioen har ein felles agenda som legg grunnlag for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar.
Nye politiske prioriteringar 2024-2029
Den ungarske formannskapen går inn i ein periode med eit nytt Europaparlament og eit nytt kollegium i Europakommisjonen. Ursula von der Leyen ynskte ein ny periode som president i Kommisjonen og fekk nok stemmer under voteringa i Europaparlamentet 18. juli. No skal ho sette saman eit nytt lag, men hennar 26 Kommissær-kollegaer må fyrst gjennom høyringar og bli godkjent av Europaparlamentet. Det er difor ikkje venta at ein ny Kommisjon er på plass før på seinhausten, som vil bety at det ikkje vil vere mykje ny politikkutvikling under den ungarske formannskapen.
Europeisk konkurransekraft i fokus
Programmet og prioriteringane for den ungarske formannskapen har sju nøkkelområde som skal styrke EU si motstandskraft og konkurranseevne.
- Europeisk konkurranseevne: Ungarn ynskjer å etablere ein «New European Competitiveness Deal» for å sikre at EU er konkurransedyktig globalt. Dette inneber å fremje innovasjon, digitalisering og reformar innan industripolitikk.
- Europeisk Forsvarspolitikk: Formannskapen vil at EU skal ta større ansvar for eigen tryggleik og vil arbeide for å styrke den teknologiske og industrielle basen til det europeiske forsvaret, inkludert forsvarsinnovasjon og auka samarbeid om innkjøp mellom medlemsstatane.
- Utviding: Ungarn støtter ein merittbasert tilnærming til utviding av EU, med vekt på integreringa av Vest-Balkan.
- Migrasjon: Å slå ned på ulovleg migrasjon er ein prioritet. Ungarn vil styrke EU sine ytre grenser og reformere asylsystemet.
- Samhøyre: Ungarn peikar på at den såkalla samhøyrigheitspolitikken (cohesion policy) har vore ein stor suksess, men at ein i større grad må adressere regionale forskjellar og økonomiske ubalansar i Unionen.
- Landbrukspolitikk: Formannskapen ynskjer ein landbrukspolitikk der bøndene står i sentrum, og med fokus på berekraft, mattryggleik og støtte til rurale områder.
- Demografi: Ungarn peiker på at dei demografiske utfordringane er eit hinder for EU si konkurranseevne og legg stort press på offentlege budsjett. Formannskapen vil ta i bruk Kommisjonen si demografiske verktøykasse, som vart publisert i oktober 2023, og meiner den gir eit godt grunnlag for å takle utfordringane.
Fleire land boikottar dei uformelle EU-toppmøta
Ungarn har ved fleire høve blitt omtala som ein verkebyll for EU grunna utfordringar knytt til mellom anna rettstryggleik, ytringsfriheit, flyktningpolitikk og LHBTQ-rettigheitar. Under toppmøtet i desember 2023 la Victor Orbán ned veto mot EU sitt langtidsbudsjett og støttepakken til Ukraina. Under eit ekstraordinært toppmøte 1. februar ga han til slutt etter som følgje av mykje press frå dei andre medlemslanda.
Orbán starta den ungarske formannskapen med å reise til Russland for å møte Vladimir Putin. Dette skapte sterke reaksjonar og har så langt resulterte i at Europakommisjonen og land som Sverige, Finland og Polen har bestemt at dei ikkje vil delta på politisk nivå under dei uformelle møta i Rådet. Dette er møter Noreg får høve til å delta på, og er ein arena der norske ministrar og statssekretærar møter sine europeiske kollegaer. På spørsmål frå Energi og Klima om Noreg vil følgje Sverige sin boikott, svarar Utanriksdepartementet at Noreg vanlegvis deltar på politisk nivå under dei uformelle toppmøta, men at deltaking blir styrt av tilgjengelegheita til politisk leiing i dei ulike departementa. Om fleire medlemsland skulle følgje etter, kan det resultere i at det blir mindre politisk kontakt mellom Noreg og medlemslanda på dei uformelle møta.
Du kan lese programmet til den ungarske formannskapen her.
Trioprogrammet finn du her.