7RP-brosjyre for verksemder.
Nettverket for nasjonale kontaktpunkt for små- og mellomstore bedrifter i 7. rammeprogram har laga ein brosjyre retta mot verksemder som freistar å undersøkja mogelegheitene som finst i 7RP. I brosjyren finn ein informasjon om dei mest SMB-venlege delane av 7RP, samt ein test som gjev svar på kva program som passar best for den enkelt verksemda som tek testen.
Brosjyren syner òg til ein test på nettet der ein kan finne ut om ei verksemd vert definert som SMB av EU.
Kjelde: Noregs Forskingsråd.