Sunnfjord kommune skal bidra til lokal utvikling i polsk kommune
Sunnfjord kommune deltek i eit spennande EØS-program om lokal utvikling i Polen. I førre veke vart samarbeidsavtalen signert av varaordførar Anne Lilleaasen og Dariusz Kosno, ordførar i Opoczno. Vest-Norges Brusselkontor ønskjer lykke til med det spennande arbeidet!
© Denne artikkelen vart først publisert på Sunnfjord kommune sine nettsider.
Program for lokal utvikling i Polen
Opoczno deltek i eit større utviklingsprogram, The Polish Local Development Programme. Prosjektet er eit samarbeid mellom KS, den polske søsterorganisasjon Association of Polish Cities, polsk forskningsinstitutt for arealplanlegging og OECD. Programmet har mellom anna som mål å auka satsinga på entreprenørskap, effektivisering av offentleg administrasjon og å heve levestandarden. Programmet er finansiert gjennom EEA Grants og Norway Grants (EØS-midlar).
29 polske bykommunar vart valde ut og får finansiering til å realisere sine lokale utviklingsplanar. Dei polske kommunane skal inngå i prosjektpartnerskap med norske og islandske kommuner som skal bistå dei i gjennomføringa av prosjektet. I samarbeidet mellom Sunnfjord og Opoczno er det sett av 150 000 euro som skal dekke reise og samarbeid mellom kommunane. Deltakinga vår er fullfinansiert.
Entreprenørskap, kultur, klima og deltaking
Opoczno ligg mellom Warszawa og Kraków og har om lag 32 000 innbyggarar. Kommunane har fleire målsetnadar og utfordringar til felles, som gav eit godt grunnlag for samarbeid.
Sidan november 2021 har vi gjennomført fleire digitale møte med Opoczno og drøfta korleis Sunnfjord kommune kan bidra i prosjektet og aktivitetar i samarbeidet. Samarbeidspartane deltok på opningskonferanse i Warszawa i mai 2022, og etter konferansen reiste representantar frå Sunnfjord til Opoczno for første besøk.
I førre veke reiste ein delegasjon frå Sunnfjord kommune reise til Opoczno for å signere avtalen og starte arbeidet om næringsutvikling.
- Gunhild Berge Stang, Sunnfjord Utvikling
- Malin Moldestad, prosjektkoordinator
- Trond Ueland, leiar næring og samfunnsutvikling
- Anne Lilleaasen, varaordførar
Samarbeidsavtalen gjeld fram til april 2024.
Opoczno sitt utviklingsprosjekt har desse satsingsområda:
- klimatilpassing og sirkulær økonomi
- næringsutvikling og støtte til entreprenørskap
- bygge lokalidentitet og fremje regional kultur
- styrke lokalsamfunnet og innbyggardeltaking
Sjå samandrag av hovudmåla for prosjektetsamarbeidet. (PDF, 551 kB)
Vegen vidare
Det er planlagt fleire reiser og digitalt samarbeid i prosjektet. Vi har mellom anna planlagt følgande aktivitetar:
- studiebesøk
- deltaking i Intemational Folklore Festival i Opoczno, og Førdefestivalen
- utarbeide kommunal plan for næringsutvikling i Opoczno
- nye prosjekt og tiltak for klimatilpassing og grøn byutvikling