HVL går inn i europeisk universitetsallianse

Høgskulen på Vestlandet har for første gong fått status som «European University» gjennom European Universities initiative (EUI).

© Denne artikkelen vart først publisert på HVL sine nettsider, og er skriven av Jeppe Aagaard Jeppesen.

– Vi er stolte over vår nye status som European University. Dette styrkjer oss som utdannings- og forskingsinstitusjon, seier rektor Gunnar Yttri.

HVL er no ein av 12 norske forskings- og utdanningsinstitusjonar som innehar denne prestisjefylte statusen. Yttri meiner utmerkinga byggjer opp under HVL og det nye universitetet.

– EUI er den fremste utmerkinga innan europeisk utdanningssamarbeid. Vi får høve til å styrka vår internasjonale orientering, samstundes som innverknaden av våre utdanningar og vår forsking regionalt og nasjonalt kan verta større, legg Yttri til.

Det var i starten av juli at meldinga kom om at HVL og 130 andre europeiske institusjonar har fått innvilga søknadene sine om å bli del av ein universitetsallianse. I alt kom det no i juni på plass 14 nye universitetsalliansar innan European Universities. HVL fekk plass i ein av dei.

– Det er  verkeleg ei spanande tid for HVL, våre studentar og tilsette, og for våre mange samarbeidspartar i både privat og offentleg sektor på Vestlandet. Tildelinga grunnfestar HVL sin universitetsambisjon. Her er det gjort eit solid arbeid over tid som vi no ser gode resultat av, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

EU sitt flaggskip

Den nye universitetsalliansen som HVL inngår i  har namnet ARTEMIS: Alliance for Regional Transition, Equality, Mobility, Inclusion and Sustainability.

– Vi gratulerer Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Innlandet med å ha kommet gjennom dette nåløyet! Universitetsalliansene er EUs flaggskip for kvalitet og nyskaping i høyere utdanning, og nå deltar i alt tolv norske universiteter og høgskoler i slike allianser, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hk-dir).

Målet med alliansen er å skape eit tettare samarbeid innan utdanning, forsking, innovasjonsaktivitetar og samhandling med regionalt arbeidsliv i Europa. Dette skal gjerast gjennom utvikling av nye studietilbod, etter- og vidareutdanning, virtuelt samarbeid i studieprogram, betre moglegheiter for student- og tilsettutveksling, etablere felles forskingslabar og tverrfaglege forskingsgrupper og nettverk for start-up senter.

Spesielt berekraftig mobilitet vil vere eit hovudsatsingsområde. Alliansen framhevar at behovet for grønare transport i EU er presserande og at eit grønt skifte kan og bør skje raskt på grunn av miljøomsyn, samfunn og økonomi.

I ARTEMIS er det sju partnarar i tillegg til HVL:

  • Université Clermont Auvergne (UCA), Frankrike
  • University of Ioannina (UOI), Hellas
  • Ovidius University of Constanta (OUC), Romania
  • VIVES University of Applied Sciences (VIVES), Belgia
  • Ostbayerische Technische Hochschule (OTH), Tyskland
  • Tallin University of Applied Sciences (TTK)
  • University of Perugia, Italia (UniPG)

Lenke til alliansens nettside: https://eu-artemis.eu/