Manglande registrering blant lobbyfirma i EU

Ei ny oversikt visar at dei fleste lobbyfirma i EU velgjer å ikkje registrere seg i Europakommisjonens register.

For to år sidan laga Kommisjonen eit frivillig register for lobbyfirma. Til i dag har berre 112 (av 286) registrert seg i registeret. Av dei 174 som manglar i registeret har 104 registrert seg i det obligatoriske Europaparlament-registeret over lobbyfirma.

Paul de Clerck, medlem av ”Alliance for Lobbying Transparency and Ethics Regulations”, seier at Kommisjonen burde slutte å møte uregistrerte lobbyfirma dersom dei verkeleg vil ha ei meir oversiktleg lobbyverksemd.

Michael Mann, talsmann for kommissæren som er sjef for registeret, seier at det er eit arbeid som tar tid, og at dei er godt fornøgd med utviklinga så langt.

 

Les meir på EuropeanVoice.com og EUobserver.com