Naustdal er ein langstrakt kommune i Sogn og Fjordane og har 2 800 innbyggjarar. Kommunen er særleg kjend for lakseelva Nausta og kunstbygda Vevring.
Sentralt plassert, midt mellom byane Florø og Førde, er det naturlegvis mange som pendlar. Dei fleste arbeidsplassane i kommunen er innanfor landbruk, bygg og anlegg og offentlege tenester.
Naustdal har fostra opp fleire kjende kunstnarar opp gjennom åra, mellom anna Oddvar Torsheim, Kjartan Slettemark og Svein Thingnes. Kunstbygda Vevring har markert seg stort og har arrangert Vevringutstillinga kvart år sidan 1979.
Landskapet i Naustdal er i stor grad prega av elva Nausta, med vakre fossefall og utmunning i sentrum. Elva har samstundes status som «Nasjonal laksevassdrag».
Kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal vert Sunnfjord kommune frå 1.januar 2020.
Les meir om Naustdal på deira heimeside.