Culture in Motion: Oppsummert.
Konferansen Culture in Motion gjekk av stabelen 15. og 16. februar, med heile 676 deltakarar frå heile Europa, inkludert fleire besøkande frå Vestlandet. På konferansen vart det fokusert på kva utbyte ein kan få frå transnasjonalt og kulturelt prosjektsamarbeid med støtte frå EU og kva kultursektoren kan oppnå ved hjelp av EU-finansiering som ikkje hadde vore mogeleg å få til elles.
Videoar og presentasjonar frå konferansen er no tilgjengelege på nettet. Ein kan òg finne dokument som omhandlar den siste utviklinga innan kulturpolitikk. Dersom ein er interessert i å delta i europeiske kulturprosjekt med støtte frå EU kan det vere lurt å setje av datoen 30. mai. Då arrangerar Europakommisjonen ein informasjonsdag om kulturprogrammet til EU. For meir informasjon, sjå her.