Hordaland fylkeskommune leiar EU-prosjekt
Hordaland fylkeskommune skal leie eit prosjekt med fjorten partnarorganisasjonar frå sju land i nordsjøområdet. Prosjektet Right skills for the right future får 17 millionar kroner til å løyse utfordringar i framtidas arbeidsmarknad i næringar knytta til hav og energi.
Prosjektsøknaden blei innvilga av EU sitt INTERREG Nordsjøprogram. Målet med prosjektet er å oppretthalde konkurransekrafta i næringslivet ved å utvikle kompetanse for framtidas arbeidsmarknad i dei blå næringane og energinæringane. Prosjektmidlane skal fordelast til prosjekt hos partnarorganisasjonane i dei ulike landa. Av dei 17 millionane er det satt av rundt tre millionar til bruk i Hordaland fylke.
– Prosjektet skal løfte fram bransjar innan dei blå næringane og energinæringane der behovet for å tilføre kompetanse er stort, og finne måtar det går an å løyse kompetansebehovet på, seier fylkesvaraordførar i Hordaland fylkeskommune Pål Kårbø. Han legg til at dette er eit viktig bidrag i å følgje opp regional plan for kompetanse og arbeidskraft – som blei vedtatt av fylkestinget i oktober 2017.
Langvarige løysingar
Prosjektet som varer i tre år (2018-2021) skal lage ein modell for kompetanseutvikling som sikrar langvarige løysingar. Modellen skal også kunne overførast til andre bransjar med liknande utfordringar. Oppstart for arbeidet er i oktober 2018.
– Vi er glade for å vinne fram i den tøffe konkurransen om prosjektmidlar frå EU. Dette er eit kvalitetsstempel på Hordaland fylkeskommune sitt arbeid, seier fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Bård Sandal.
Behov for grønare løysingar, rein energi, miljø -og ressursvern byr på moglegheiter, men krev òg nye næringar og omstilling i tenking, åtferd, og ikkje minst, kompetanse.
– Vi veit at vi trenger arbeidstakarar som har den kompetansen arbeidsmarknaden etterspør, men ingen kan med sikkerheit seie kva type kompetanse som krevjast i framtida, seier Sandal.
Klynger og universitet
I partnarskapet som Hordaland skal leie er det representantar frå både offentleg og privat sektor – mellom anna regionale myndigheiter, klyngeorganisasjonar og universitet. Alle representerer regionar i landa dei kjem frå – Norge, Danmark, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Nederland og Belgia.
I hordalandsdelen av prosjektet deltar også NCE Seafood, Meland kommune og GCE Subsea.
«RIGHT-prosjektet» skal vere konkret og praktisk orientert og arbeide for å skape ein berekraftig region som kan takle konjunkturane i arbeids- og næringsliv. Det inneber å prøve ut tiltak for å sikre ein fleksibel og framtidsretta arbeidsstyrke i Hordaland, og finne gode metodar for partnarskapsarbeid og medverknad. Fagskolen i Hordaland vil vere sentral i dette arbeidet.
Denne saka er henta ifrå nettsida til Hordaland fylkeskommune.