Norske reglar for arbeidsløysetrygd i strid med EØS-avtalen
EFTA sitt overvakingsorgan ESA har konkludert med at Noreg og Island lyt endre reglane om vilkår for utbetaling av arbeidsløysetrygd til utanlandske arbeidarar som berre har vore i arbeid i desse landa i ein kortare periode. I EØS-avtalen går det klårt fram at ein ikkje kan stille krav til kor lenge ein person har arbeidd i Noreg eller Island for å rekne med dei oppsparte rettane personen har med seg frå andre EØS-land.
Ifylgje norsk lov skal det likevel stillast krav om at ein utanlandsk arbeidar må ha arbeidd fulltid i åtte av dei tolv siste vekene før han eller ho vert arbeidsledig dersom EØS-rettane skal bli medrekna. Konsekvensen vil vere at ein utlending som vert arbeidsledig mot sin vilje i denne perioden ikkje vil få arbeidsløysetrygd frå noko EØS-land.
Motivet for å halde på dei norske reglane er at ein skal hindre trygdesvindel. Men ifylgje EØS-retten skal slik svindelmistanke berre handterast frå sak til sak. Ein generell regel som denne fråtek mange utanlandske arbeidarar gode dei har rett på.
Norsk lov krev òg at den økonomiske aktiviteten må ha starta innan tolv veker etter at vedkomande har kome til landet for at forsikringsperiodar eller arbeid i andre EØS-land skal medreknast. Denne regelen finst derimot ikkje på nasjonalt nivå dersom ein arbeidsperiode vert avbroten. Regelen er såleis diskriminerande. Noreg har to månadar på seg til å rette opp i feila.
Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm uttalar at Noreg no gjer ei grundig vurdering av kva nasjonale reglar som er innanfor råma av EU/EØS-retten fordi dette arbeidskravet er viktig for Noreg. Det byggjer på ein føresetnad om fri flyt av arbeidskraft og skal bidra til å hindre trygdemotivert flytting. Departementet ser no på tilsvarande regelverk i dei andre nordiske landa som med unntak av Sverige har eit tilsvarande arbeidskrav som Noreg.