Skal styrke hydrogenkompetansen i Vestland
«Vi treng meir informasjon om kva for kompetanse våre arbeidarar treng. Dette prosjektet skal bidra til å bygge bru mellom behova i industrien og arbeidarane sin kompetanse», sa fylkesordførar Jon Askeland då startskotet for EU-prosjektet H2CoVE gjekk på Vestlandshuset. © Denne artikkelen vart først publisert på Vestland Fylkeskommunes nettside, og er skriven av Anbjørn Holme.