Demokrati og vekst – felles utfordringar for EU og Afrika
Demokrati og vekst står høgt på dagsordenen når Europakommisjonen møter representantar frå Den Afrikanske Union (AU) i Brussel 31. mai til 2. juni for sitt årlege treff, det femte i rekkja.
Dei grunnleggjande demokratiske endringane som finn stad i Nord-Afrika for tida fortener støtte frå alle internasjonale aktørar med mål om styrka politisk og økonomisk leiing på det afrikanske kontinentet. Samstundes, medan verda er på veg ut av finanskrisa, står Afrika og Europa ovanfor ei avgjerande og felles utfordring. Nemleg å skape vekst og å fokusere på inkluderande og berekraftig utvikling for Afrika, med blikket retta mot å nå FN sine tusenårsmål innan 2015.
Det strategiske fellesskapet mellom Afrika og EU er opptekne av å nå felles mål utover det tradisjonelle givar/mottakar-forholdet. EU er den største handelspartnaren for det afrikanske kontinentet. I 2009 kom 36% av alle importerte varer frå Europa. Dei europeiske institusjonane er òg nest størst av givarane på verdsbasis. Kommisjonen har sett av 24,4 milliardar Euro som skal fordelast gjennom ulike finansielle instrument i perioden 2007-2013 i støtte til EU sin Afrika-strategi.
Diskusjonane vil ha fokus på å styrke det politiske og tekniske samarbeidet mellom dei to institusjonane og å gi ferske impulsar til korleis ein skal gjennomføre det ein har sett seg føre i strategien.
For meir informasjon og program, sjå her.