Digitalt kompetanseløft for ei digital framtid
Det europeiske kompetanseåret (European Year of Skills) startar å ta form og Europakommisjonen har òg satt digital kompetanse på agendaen. I april kom Kommisjonen med to rådsanbefalingar og eit initiativ som føreslår løysingar for digitale utfordringar.
Koronapandemien er eit eksempel på kor viktig digital infrastruktur og kompetanse er for å kunne oppretthalde eit høgt læringsnivå. I samråd med medlemsstatane har Europakommisjonen identifisert to utfordingar knytt til digital kompetanse: 1) Mangel på ein heilskapleg tilnærming til digital utdanning og opplæring på tvers av myndigheiter. 2) vanskar med å utstyre innbyggjarar med nødvendig digital kompetanse.
Basert på desse utfordringane har Europakommisjonen forma to rådsanbefalingar:
- Hovudfaktorar for å lykkast med digital utdanning og opplæring
- Forbetre tilgangen på digital kompetanse i utdanning og opplæring
Rådsanbefalingar er ikkje-bindande dokument og medlemsstatane får ingen rettslege konsekvensar av å ikkje følgje dei.
Nasjonale strategiar med EU i ryggen
Begge rådsanbefalingane oppfordrar medlemslanda til å lage nasjonale strategiar for digital utdanning og kompetanse. Tanken er at Kommisjonen kan støtte medlemsstatane i arbeidet med digital utvikling gjennom eksisterande finansieringsmekanismar. Erasmus+, Digital Europe Programme og Horisont Europa er nemnde programordningar. Difor kan det kome moglegheiter også for norske aktørar.
Akademi for cybertryggleik
Økt digital aktivitet sett større krav til digital sikkerheit. I tillegg til å utvikle digital kompetanse, ønskjer Europakommisjonen å gjere det enklare å kople utdanning og andre kurstilbod saman med personar med interesse for å utvikle kompetanse på cybertryggleik. Difor har Kommisjonen lansert eit akademi for cybertryggelik. Førebels er det ein del av Kommisjonen sin plattform for digital kompetanse og arbeid, men på sikt kan det ta form som eit «European Digital Infrastructure Consortium». Dette er eit initiativ under under politikkprogrammet «Europe’s Digital Decade» som skal forenkle oppsettet og implementeringa av tverr-nasjonale prosjekt.
Rådsanbefalingane er knytt til ei rekke andre EU initiativ. Dei er tenkt å bidra til måla i til dømes Det europeiske utdanningsområdet (European Education Area), EU sin kompetansepolitiske agenda (European Skills Agenda), den europeiske søyla for sosiale rettigheiter og EU sitt digitale kompass for 2030.
Meir informasjon:
- Commission calls for massive boost in enabling digital education and providing digital skills
- Cyber: towards stronger EU capabilities for effective operational cooperation, solidarity and resilience
- Europe’s Digital Decade: Digital Targets for 2030
- European Education Area
- European Skills Agenda
- European Social Pillar Action Plan
- 2030 Digital Compass
- European Year of Skills