Rekordmykje finansiering til forsking og utdanning
I kjølvatnet av det nye langtidsbudsjettet til EU kjem forslaga til budsjett for den komande programperioden. I Kommisjonens forslag har dei nye programma Erasmus og Horisont Europa begge fått meir å rutte med enn sine forgjengarar.
Framtida i fokus
Hovudfokuset til langtidsbudsjettet er Europa si framtid. Forslag til prioriteringar for den neste programperioden er stort sett som venta – meir til forsking, innovasjon og utdanning. Prioriteringane i langtidsbudsjettet vert tydeleg spegla i dei ulike programma sine satsingar.
Til dømes viser Kommisjonen auka fokus på ungdom og utdanning gjennom dobling av finansieringa til Erasmus, og satsing på innovasjon og forsking ved ei solid auke i forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa, som tek over for Horisont 2020.
Erasmus
I neste programperiode vil namnet på ungdoms- og utdanningsprogrammet vere Erasmus. Budsjettet vil bli dobla, og er no på heile 30 milliardar euro. Kommisjonen vil særleg satse meir på mobilitet, og har som mål å nå ut til tre gonger så mange som dei gjer no. Målet er å nå ut til 12 millionar. Dette vil dei få til ved å fokusere på nye grupper, særleg vanskelegstilt ungdom og dei som står i fare for å falle utanfor samfunnet. Det skal òg bli enklare for grasrotorganisasjonar å få midlar ved forenkling av regelverket.
Det er sannsynleg at den tredelte strukturen i programmet vil verte som før:
- Læringsmobilitet
- Strategiske partnarskap
- Policy-utvikling
Sjekk ut pressemeldinga frå Kommisjonen her.
Horisont Europa
Totalt vil Kommisjonen gi 100 milliardar euro til forsking og Innovasjon, der Horisont stikk av med 97 av desse. Horisont Europa vil bygge vidare på suksessen frå Horisont 2020, og vil framleis fokusere på ‘fremragende forsking’ og innovasjon. Programmet vil få ein tredelt struktur:
- Open forsking (25,8 milliardar euro)
- Globale utfordringar og industriell konkurranseevne (52,7 milliardar euro)
- Open innovasjon (13,5 milliardar euro)
Det er fleire nye element i den nye programperioden:
- Opprettinga av eit Europeisk innovasjonsråd (EIC) skal hjelpe gründerverksemder å vidareutvikle sine idear og å bli lønnsame.
- Nye ‘oppdrag’ (policy missions) innanfor forsking og innovasjon skal fokusere på å løyse overgripande samfunnsutfordringar gjennom samarbeid på tvers av fagfelt. Døme på utfordringar kan vere plastforureining i hava og nedkjemping av sjukdommar.
- Ein vil maksimere innovasjonspotensialet i Europa ved å forbetre utbyttet av innovasjon i dei landa som heng etter.
- Auka fokus på openheit og fri tilgang til forsking og forskingsresultat, slik at alle kan nyte godt av EU-finansiert forsking.
- Danne nye europeiske partnarskap ved å straumlinjeforme samarbeidet mellom EU-program og andre samarbeidsaktørar i Europa.
Les pressemeldinga frå Kommisjonen her.
Vegen vidare
Budsjettet og programma er no gått til vidare behandling i Rådet og Europaparlamentet. Kommisjonen håper at budsjettet vil bli vedtatt innan mai neste år, men erfaring viser at det kan ta lang tid før budsjettet er spikra. Norge må vente med å behandle deltaking i programma til dei har blitt vedteke av EU.