Erasmus+-utlysingane for 2022 er her
Onsdag 24. november lanserte Europakommisjonen Erasmus+-utlysingane for 2022, med eit totalbudsjett på heile 3,9 milliardar euro. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) skal dele ut 340 millionar kroner til norske søkarar, som er ei auke på 73 millionar kroner samanlikna med i fjor.
«Det er svært gledeleg at Europakommisjonen har auka budsjettet med så mykje. Det betyr nye moglegheiter til strategisk bruk av programmet, og vi håpar at dette også vil gjenspegle seg i søkartala. Vi har store ambisjonar for norsk deltaking, og håpar å fortsette den gode utviklinga frå førre programperiode», uttalte Sveinung Skule, direktør i Hk-dir. Vår region har lenge markert seg innan Erasmus+, og ligg høgt på lista over innvilga prosjekt.
Neste år feirar Erasmus+ 35 år, og Noreg har delteke sidan starten. Kommisjonen ynskjer at ennå fleire skal få moglegheit til å delta i programmet, og har i tillegg utpeika 2022 som det europeiske året for ungdom. Nedanfor finn du ei oppsummering av nokre av dei nye tiltaka i utlysingane for 2022:
- Framtidsretta prosjekt: Grøn og digital omstilling er sentrale prioriteringar i utlysinga. Prosjekta vil ha eit større budsjett, og pågå i minst tre år.
- Eit meir inkluderande DiscoverEU: Ordninga gjer 18-åringar moglegheit til å reise i Europa. Frå 2022 vil det bli arrangert eigne søknadsrundar for organisasjonar, og meir målretta støtte skal legge til rette for at dårlegare stilte ungdommar får moglegheit til å delta i DiscoverEU.
- Auka kompetanse om EU: Jean Monnet-aktvitetar vil bli rulla ut til skular og elevar i alle aldrar.
- Forenkla finansiering for samarbeidsprosjekt: Samarbeidspartnarskap kan søke om eit fast prosjektbeløp (lump sum), der budsjettet ikkje skal rapporterast på i detalj. Dette reduserer den administrative byrda knytt til søknad, prosjektstyring og rapportering
Utlysingane er tilgjengelege her. Søknadsfristane er varierande.
Her kan du lese pressemeldinga til Europakommisjonen