EU lanserar ny fiskeripolitikk
Europakommisjonen lanserte denne veka den nye fiskeripolitikken for EU. Med den nye reformen freistar ein å sikre både fiskebestanden og fiskarane sitt levebrød for framtida ved å gjere slutt på overfiske og overutnytting av bestandane. Reformen vil føre til ei meir desentralisert tilnærming og betre styring i EU og på internasjonalt nivå gjennom berekraftige fiskeriavtalar.
Berekraft og langsiktige løysingar er nøkkelpunkt i den nye politikken:
• Alle fiskebestandar skal vere tilbake til berekraftig nivå innan 2015, i tråd med internasjonale forpliktingar EU har påteke seg.
• Økosystem-tilnærming med lansiktig strategi basert på den beste tilgjengelege vitskapen.
• Sløsing med matressursar og økonomisk tap pga. at ein kastar utatt i sjøen den fisken ein ikkje ynskjer skal utfasast. Fiskarane vil bli pålagde å ta i land all fisken dei får.
Forslaga inkluderar òg klare mål og tidsrammer for å stoppe overfiske og marknadsbaserte tilnærmingar som omsettelege kvotar, støtte til småskala fiskeri, betre datasamlingar og strategiar for å fremje berekraftig akvakultur i Europa. Forbrukarane vil få betre informasjon om kvaliteten og berekrafta på produkta dei kjøper.
Parlamentsmedlemmar frå partiet Dei Grøne i EU uttalar derimot til EUObserver at forslaget Kommisjonen har kome med ikkje er nok til å takle problema med fiskeripolitikken i EU. Særskilt vert forslaget om omsetjing av kvotar kritisert. Det spanske parlamentsmedlemmet for Dei Grøne, Raul Romeva meinar forslaget er skandaløst og at fiskerettane vil ende i nevane på store selskap. Han meinar det er endå verre dersom løyve skal fordelast etter historisk deltaking i fiskerinæringa då det vil favorisere dei som er mest ansvarlege for overfiske tidlegare.
Generelle mål og prinsipp i politikken vil komme frå Brussel, medan medlemslanda sjølve må avgjere og innføre dei tiltaka som passar best for dei. I tillegg til å forenkle prosessen vil dette gjere løysingane best mogeleg tilpassa regionale og lokale behov.
Aktørar i fiskerisektoren må ta eigne økonomiske avgjersler for å tilpasse flåten til fiskemogelegheitene. Fiskarorganisasjonar vil ha ei leiande rolle når det gjeld å styre marknadstilgangen og auke innteninga for fiskarane.
Økonomisk støtte vil berre vere tilgjengeleg for miljøvenlege tiltak som bidreg til smart og berekraftig vekst. Strenge kontrollar vil utelukke finansiering av ulovleg aktivitet.
I internasjonale fora og i tilknyting til andre land vil EU opptre som heime og fremje godt styresett og forsvarleg forvalting av ressursane i havet i resten av verda.
Forslaget skal no handsamast i Europaparlamentet og i Det Europeiske Råd, og Kommisjonen siktar på innføring av nytt rammeverk innan 1. januar 2013. Seinare i år planlegg Kommisjonen å innføre nye tilskotsordningar for fiskeri og maritime næringar i tråd med det fleirårlege finansielle rammeverket.