EU lanserer plan for meir ungt engasjement i utanrikssaker
Førre veke annonserte Europakommisjonen sin handlingsplan for at unge skal engasjere seg i EU sine utanrikssaker. Handlingsplanen, Youth Action Plan in EU External Action, blir presentert i samband med at 2022 er det europeiske ungdomsåret.
Planen er eit politisk rammeverk for strategisk samarbeid med unge i heile verda og er den første av sitt slag. Den skal legge til rette for at unge stemmer deltek i arbeidet med viktige internasjonale avtalar som til dømes Parisavtala og FN sin 2030 agenda. Planen vart utarbeidd med utgangspunkt i over 200 innspel frå heile verda.
Ved hjelp av handlingsplanen skal EU auke sitt samarbeid med unge menneske i partnarland gjennom tre hovudpunkt: å engasjere (engage), å forsterke (empower), og å skape nettverk (connect). Engasjementet skal styrkast ved å i større grad involvere unge stemmer i politikkutviklinga og i prosessar fram mot ei avgjersle, i tillegg til EU sine eigne politiske prosessar. EU skal mellom anna opprette eit eige dialogforum for ungdomsorganisasjonar som ein del av sitt politiske forum for utvikling. Kommisjonen vil også bidra til å utvikle utdanningsmoglegheiter globalt slik at unge stemmer blir forsterka ved å gi tilgang til kunnskap og verktøy som får ungt engasjement til å bløme. Det skal også leggast til rette for at unge skal skape nettverk med andre unge over heile verda gjennom mellom anna utvekslingar og annan ungdomsmobilitet. Desse nettverka skal skapast både på tvers av sosiale og økonomiske barrierar.
Youth Action Plan skal forsterke pågåande initiativ, men EU vil i tillegg lansere nye initiativ som kjem med ei økonomisk ramme på til saman 100 millionar euro. Desse initiativa er tett knytt til dei tre hovudpunkta planen er basert på. Det vert mellom anna sett av 50 millionar euro til “The Africa-Europe Academy”, som gir økonomisk støtte til læringsmoglegheiter for unge som ønskjer å utvikle sine leiarferdigheiter og skape nettverk med såkalla change-makere i Afrika. I tillegg vil EU bruke 40 millionar euro på eit “Youth and Women in Democracy Initiative”. Det skal støtte grasrotorganisasjonar med å skape unge leiarstemmer, då særleg unge kvinner og jenter. Det vert også oppretta eit pilotinitiativ kalla “The Youth Empowerment Fund” som skal gi direkte finansiell støtte til ungdomsdrivne prosjekt i partnarland, som er retta mot implementering av FNs sineberekraftsmål på lokalt nivå.
Du kan lese heile handlingsplanen her.