EU-seminar for næringslivet.
I juli 2011 kjem det eit nytt ras av utlysingar for 7RP-prosjekt. I samband med dette legg Forskingsrådet ut på turné til alle universitetsbyane i landet, og den 24. mai står Bergen for tur. For å vere i forkant av desse utlysingane, og sidan ein reknar med å kjenne mykje av innhaldet tidlegare enn i fjor, legg Forskingsrådet saman med Universitetet i Bergen opp til ein informasjonsdag retta spesielt mot næringslivet denne dagen.
Deltaking i EU-programma har høg prioritet i det norske forskingsmiljøet, då det gjev Noreg tilgang på resultat og kunnskap. For å oppnå dette må ein samarbeide, både tverrfagleg og tverrnasjonalt. I tillegg til kunnskap, sikrar deltaking i EU-program både finansiering og eit internasjonalt nettverk for norske forskarar. Les meir her.