Eurobarometer: Nordmenn reiser mest
Eurobarometeret “Survey on the attitudes of Europeans towards tourism” er utført av Europakommisjonen sitt generaldirektorat for næringsliv og industri i dei 27 medlemslanda samt i Kroatia, Tyrkia, Makedonia, Noreg og Island. Målet med undersøkinga er å sjå på korleis reisemønster europearane hadde i 2010 ved å studere ulike variablar som pengar, type reiser, haldningar til turisme osv., samt å finne ut kvifor mange av dei spurte ikkje reiste på ferie i fjor.
Ifølgje undersøkinga reiste 73% av innbyggjarane i Europa på tur minst éin gang i 2010, enten i jobbsamanheng eller på fritida. Nesten éin tredjedel hadde vore både på minst éi kortare reise, samt på ferie, 24% hadde berre vore på ein ferietur (minst éin tur på fire dagar eller meir) og 12% hadde berre vore på minst éi kortare reise. Nesten tre av ti europearar reiste ikkje på tur i fritida si i 2010.
Berre 9% av dei spurte nordmennene reiste ikkje på verken ein kortare tur eller på ferie. Det er den lågaste prosenten blant dei 32 landa som var med i undersøkinga, tett følgt av Finland (10%) og Sverige (14%). I motsett ende av skalaen finn vi Portugal (43%) og Romania (46%), medan gjennomsnittet i EU er på 29%.
Når det gjeld grunnen til kvifor respondentane ikkje reiste på ferie i 2010 er det fire av ti (41%) som nemner finansielle grunnar. 22% har personlege eller private grunnar, 11% hadde ikkje tid og 9% svara at dei føretrakk å vere heime med familie og vener. Det er store skilnadar blant landa i Europa. I Ungarn, Bulgaria og Romania nemner respektive 68%, 65% og 62% finansielle grunnar, medan berre 16% i Belgia, 21% i Noreg og Sverige og 22% i Danmark nemner dette som grunn. For 41% av dei spurte i EU-landa er pengar hovudgrunnen til at dei ikkje var på ferie i 2010.
Når respondentane vart spurt nærmare om kva ferieaktivitet dei ville gje opp først dersom dei måtte spare når dei faktisk var på ferie, svara dei fleste skjønnheits- og velverebehandlingar (27%) og handling (21%).
Avslapping og rekreasjon er hovudmotivasjonen for 36% av europearar når dei skal på ferie. Det gjeld både på Kypros (64%), Malta (53%) og Hellas (51%). Sol og strandliv kjem på andreplass (18%), følgt av det å vitje vener og slekt (17%). I Austerrike (21%), Danmark (23%), Sverige (25%) og Noreg (29%) er sol og strandliv det viktigaste.
Bil eller motorsykkel er det vanlegaste framkomstmiddelet for ferierande europearar (44%). Det er litt lågare enn i 2009 (48%). Fly derimot er det transportmiddelet som aukar mest (med 4%), og er dermed det viktigaste framkomstmiddelet for 39% av dei som reiste på ferie i 2010. Tog (7%), buss (6%) og båt (3%) er mykje mindre populært.
Når det gjeld organisering av ferien, planlegg dei fleste (57%) ferien sin sjølv. 14% nyttar seg av eit reisebyrå når dei skal bestille billettar eller overnatting og 10% kjøper pakkereiser eller ”all-inclusive.” 13% tilhøyrande den siste gruppa kjøper derimot turen på direkte på Internett. Folk i Tsjekkia er minst flinke til å planleggje ferien sin sjølv (40%), medan Tyrkia (80%) og Island (79%) er å finne i den andre enden.
Det siste punktet undersøkinga tek føre seg er kva respondentane tek omsyn til når dei planlegg ferien sin og vel ut ein destinasjon. For 32% av respondentane er det miljøet på destinasjonen og kor attraktivt området er totalt sett som er avgjerande. Kulturarv kjem på andreplass med 27%, og underhaldningstilbod er tredje viktigast (14%). 58% av dei spurte ynskjer seg til konvensjonelle turistdestinasjonar (tradisjonelle/velkjende destinasjonar), medan 28% føretekk upløgd mark når dei skal på ferie. På Island er det omvendt. Der er det fleire som ynskjer seg til eit uutforska område (43%) enn til velkjende strøk (35%). For Noreg er tilsvarande tal 44% og 46%.
For dei meir ukjende destinasjonane er 36% av dei spurte opptekne av at dei kan få oppleve lokal kultur og livsstil. Dette er særleg viktig i dei nordiske landa og i Nederland (63% i Danmark, 62% i Nederland, 54% i Noreg og Latvia, 53% i Finland, 51% på Island og Sverige). I andre europeiske land er folk meir opptekne av at desse destinasjonane ofte er rimelege og at ein får meir att for pengane sine. Dette er særleg viktig i Romania (31% svara det første og 24% det andre), i Litauen (26% og 26%), Polen (38% og 15%) og i Ungarn (33% og 19%).
Når folk vert spurte om å tenkje over kva informasjonskjelde som er viktigast og nest viktigast når dei skal ta ei avgjersle om ferien sin, svarar 58% at tilråding frå vener og kollegaer er det viktigaste, medan 45% svarar Internett (dette talet stig jamt, frå 38% i 2009 til 45% i 2011).
Til slutt vart respondentane spurt om kva ferieplanar dei har i 2011. 38% av dei spurte seier at dei planlegg å feriere i eige land, 20% i eit anna land i Europa, 16% utanfor EU og 4% planlegg ikkje å reise på ferie. 23% veit ikkje eller ynskjer ikkje å svare på spørsmålet. Italia (11,5% – talet inkluderar ferie i eige land), Spania (8,6%) og Frankrike (8,2%) er dei mest populære feriedestinasjonane for innbyggjarar i EU.
I Noreg planlegg 29% å feriere i eige land, 30% å feriere innanfor Europa, 20% å reise utanfor Europa og 21% veit ikkje eller skal ikkje på ferie. Av dei som skal på ferie kjem 37% til å reise i Noreg, medan Spania (9%) og Italia (5%) er dei to mest populære utanlandske feriedestinasjonane for nordmenn.