Europakommisjonen ynskjer innspel på eHelse
Europakommisjonen lanserte denne veka ei høyring om korleis EU kan bidra til betre og meir effektive helsetenester ved hjelp av IKT. IKT spelar allereie ei viktig rolle i møtet med mange av dei felles utfordringane Europa står ovanfor som t.d. ein aldrande populasjon, fleire kroniske lidingar, budsjettkutt og mangel på helsearbeidarar ved hjelp av m.a. deling av pasientjournalar og overvaking av pasienttilstand på avstand. Europakommisjonen meinar derimot at det er eit stort potensial for å utvikle eHelse vidare. eHelse kan òg bidra til meir verdige og sjølvstendige liv, særskilt for eldre menneske. Høyringa er open fram til 25. mai. Innspela vil bidra til Europakommisjonen sin eHealth Action Plan som skal vere ferdig ved utgangen av 2011.
Alle kan bidra med innspel, også helsearbeidarar og pasientar, på kva dei meinar er fordelane med eHelse, kva som er dei største hindringane for at eHelse skal bli mest mogeleg utbreidd og kva Kommisjonen ev. kan gjere for å minske desse hindringane. I tillegg kan interessentar lufte sitt syn på korleis Kommisjonen kan gjere ein best mogeleg jobb når det gjeld interoperabilitet, juridiske spørsmål og innovasjon innanfor eHelse. Les meir her.