Regjeringa sin strategi for samarbeidet med EU 2018-2021
9. mai la utanriksminister Ine Eriksen Søreide fram regjeringa sin strategi for samarbeidet med EU fram til 2021. Passande nok vart strategien lagt fram same dag som EU markerer europadagen, og oppstarten for det samarbeidet som i dag er EU.
Strategien har to hovudbodskap. Den første er at samarbeidet med EU skal realisere regjeringa sin visjon om eit trygt, fritt, økonomisk sterkt Europa og eit ansvarleg Europa, der alle land tar felles ansvar for felles utfordringar.
Den andre bodskapen er at regjeringa sin politikk skal gi mest mogeleg gjennomslag for norske interesser og visjonar i Europa. Strategien understreka her viktigheita av ein effektiv europapolitikk.
Strategien skildrar og eit Europa i endring, både institusjonelt, politisk og økonomisk. Dette skapar utfordringar, men òg mogelegheiter for Noreg.
I pressemeldinga for strategien trekk Søreide fram to område som skal få auka prioritet i tida framover: kampen mot arbeidslivskriminalitet og tryggleiks- og forsvarspolitikken. Ho seier òg at Noreg skal bruke dei finansielle verkemidla vi har for å nå våre politiske mål, mellom anna ved å bruke EØS-midla som utgjer 2,8 milliardar euro for perioden 2014-2021.
«Vår europapolitikk skal ikke bare være aktiv, den skal også være effektiv. Det betyr at den skal ha klare mål og innrettes slik at vi sikrer størst mulig gjennomslag for norske interesser og prioriteringer»
I januar deltok Vest-Norges Brusselkontor på innspelsmøte til strategien, der direktør Merete Mikkelsen la fram ei rekke saker og synspunkt til strategien, forankra i regionens prioriteringar og arbeid. Sakene som vart teke opp var mellom anna dei regionale dimensjonane av Brexit, og at det er viktig å halde fram med eit godt samarbeid i Nordsjø-regionen også i framtida.
VNB understreka òg verdien av dei ulike EU-programma som regionale aktørar deltek i, og at det vil være svært viktig å sikre norsk finansiering av desse programma framover.
Du kan meir om innspelsmøtet her.
Regjeringa vil følgje opp europastrategien ved å legge fram årlege arbeidsprogram, som viser korleis regjeringa skal arbeide for å realisere sine mål i samarbeidet med EU.
Arbeidsprogrammet for 2018 kan du lese her.
Les heile europastrategien her.
VNB arrangerer i september lynkurs i EU/EØS for folkevalde i kommuner og fylkeskommuner, som tek for seg framtida til EU og korleis prioriteringane til EU framover vil påverke Noreg. Les meir her.