Forskarane meir interessert i regionforsking.
Fleire hundre møtte opp i samband med ESPON (European Spatial Planning Observation Network) sin informasjonsdag i Brüssel, noko som syner at det er stor interesse for å levere regional forsking og analyse til Europa i tida før søknadsfristen går ut 21. mars.
ESPON-programmet er eit viktig virkemiddel for å støtte opp under forskingsmiljø med fokus på regional utvikling i Europa. Målet er å styrke den akademiske interessa og kunnskapen innan regionalpolitikken, samt å bidra til ei framtidsretta og bærekraftig politikkutforming. For meir informasjon om søknadsprosessen: www.espon.eu. Kilde: Interreg.