Forslag til EU-budsjett for 2012 – prega av innsparingar
Kommissæren for økonomisk planlegging og budsjett, Janusz Lewandowski, presenterte nyleg eit utkast til EU sitt 2012-budsjett. Budsjettet inneheld mange innsparingstiltak, men gjev òg rom for auka investeringar på sentrale område for å sikre berekraftig økonomisk vekst. I tråd med medlemslanda sine eigne sparetiltak har Europakommisjonen satsa på å redusere eigne administrative utgifter. 94 % av budsjettet går attende til EU sine eigne borgarar. –”Ein vanskeleg balansegang mellom innsparingar og vekstfremmande tiltak,” seier kommissær Lewandowski om budsjettet.
Budsjettforslaget for 2012 er på 132,7 millionar Euro i betalingar. Det tilsvarar ein auke på 4,9% samanlikna med 2011. Forpliktingane er på 147,4 millionar Euro (+3,7%). Den sentrale målsetjinga for budsjettforslaget for 2012 er å støtte den europeiske økonomien og innbyggjarane fullt ut.
Innsparingar
Budsjettforslaget for 2012 er tilrettelagt ut frå medlemsstatane sine aktuelle innsparingar. Kommisjonen har gjort ein særleg innsats og siktar mot ei frysing av administrative utgifter i 2012, altså ei endring på 0,0% samanlikna med fjoråret. Dette har ein oppnådd ved hjelp av betydelege reduksjonar i utgifter til bygningar, informasjon og kommunikasjonsteknologi, undersøkingar, publikasjonar, tenestereiser, konferansar og møter. For tredje år på rad ber Kommisjonen heller ikkje om fleire stillingar.
Kommisjonen må derimot oppfylle sine juridiske forpliktingar. Det er t.d. mange EU-finansierte program med oppstart i 2007 som no skal betalast ut frå Kommisjonen. Budsjettauken som dreiar seg om forpliktingar er heilt naudsynt for at EU ikkje skal bryte eksisterande avtalar som igjen ville gå ut over medlemsstatane og regionane som forventar EU-støtte som følgje av prosjekt dei deltek i.
Berekraftig økonomisk vekst
Dersom ein skal nå målet om økonomisk vekst og samhøyr i EU-landa, er det naudsynt med ei samordning av innsats og investeringar. Ifølgje budsjettforslaget vil det i 2012 bli brukt 57,7 millionar Euro til berekraftig vekst med det føremål å hjelpe medlemslanda til å auke sine investeringar på desse områda, samt at 62,6 millionar Euro er øyremerka Europa2020-måla, noko som tilsvarar ein auke på 5,1% samanlikna med året før.
Europarådet legg fram sitt syn på budsjettforslaget i juni, etterfølgt av Europaparlamentet i oktober. Dersom desse ikkje stemmer overeins, vert det innleia ein forliksprosedyre med Kommisjonen i rolla som meklar. Det endelege budsjettet for 2012 skal etter planen vedtakast av Parlamentet i november. Les meir om budsjettforslaget her og her.