Gründersatsing får millionar
Onsdag 14. mars kom nyheita om at Møre og Romsdal fylkeskommune får tildelt 15 millionar kroner til prosjektet OSS (One Stop Shop) – ei satsing på gründertenesta i fylket og seks andre deltakarland.
Det var totalt 234 søkjarar til Interreg Europe si prosjektutlysing, der fylkeskommunen til slutt var ein av 54 som kom gjennom nålauget.
– For oss inneber dette ei stor satsing på entreprenørskap. Vi skal bygge eit komplett økosystem for den som ønsker å starte bedrift. I One Stop Shop ligg det at gründeren skal finne all hjelpa han eller ho treng ‘i ein butikk’, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.
Prosjektet, der fylkeskommunen er såkalla «lead partner», involverar England, Bulgaria, Slovenia, Polen og Belgia. Deltakarlanda skal dele erfaringar og kunnskap underveis. OSS skal samtidig utvikle ei rådgivarteneste og sette opp gode digitale løysingar for gründerane.
«Vi skal bygge eit komplett økosystem for den som ønsker å starte bedrift»
Etter fem år er målet at deltakarane skal sitte igjen med ei verktøykasse med erfaringar og kompetanse som skal være ein drivkraft for gründerhjelp i framtida.
Dette er ikkje første gongen fylkeskommunen er i eit Interreg-prosjekt i EU, men debuterer no som prosjektleiar.
Satsing på gründerverksemd er viktig i både EU og i Møre og Romsdal. Målet er at fleire skal starte bedrifter og at bedriftene skal leve lenger og dermed skape fleire arbeidsplassar.
Les meir om nyheita og prosjektet på fylkeskommunen sine heimesider.