Haram vidaregåande på utplassering ved Vest-Norges Brusselkontor
Fire elevar frå Haram Vidaregåande skule fekk moglegheita til å vere utplassert på Vest-Norges Brusselkontor i tre dagar.
Elevane foran Europakommisjonen. Foto:VNB
Første arbeidsdag blei vi møtt av Beate Lid Skodje, som er studentpraktikant på Vest-Norges Brusselkontor. Vidare fekk vi ei innføring i korleis Vest-Norges Brusselkontor arbeider i Brussel og kva arbeidsoppgåvene deira er. Vi fekk også vere med på «mandagsmøtet» der dei gjekk gjennom informasjonen for veka og aktuelle saker framover. Deretter gjekk fokuset over på kva arbeidsoppgåva vår skulle vere i løpet av desse dagane. Vi skulle skrive kvar vår artikkel som seinare skulle bli lagt ut på nettsidene til Vest-Norges Brusselkontor. På ettermiddagen fekk vi høve til å delta på ein politisk debatt i regi av «The European Policy Centre» der temaet var «Shaping the EU system of diplomacy: The European External Action Service and the future of foreign policy»
Seinare i opphaldet fekk vi møte to studentpraktikantar, der den eine jobba for Norges ambassade til Belgia og den andre for Den norske EU-delegasjonen. Dei fortalte om korleis dei arbeidde, og vi fekk høve til å stille spørsmål før dei tok oss med på ei omvising i lokalane til EU-delegasjonen og den norske ambassaden.
Siste dagen fekk vi vere med på eit «skype-møte» med fylkeskontaktane til Vest-Norges Brusselkontor, og etterpå reiste vi til besøkssenteret til Europaparlamentet, «Parlamentarium».
Til slutt kan vi seie at opphaldet her på Vest-Norges Brusselkontor har vore ei oppleving for oss. Vi har fått større innsikt i internasjonalt arbeidsliv, og har fått kunnskap som vi kan ta med oss vidare i utdanninga og karrieren vår. Kanskje er det akkurat her vi endar opp?