Henta inspirasjon i Brussel

 

Elisabeth Veivåg Helseth er rådgjevar på klima og miljø i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto VNB

Eg har hatt to spennande veker på Vest Norges Brusselkontor. Det er interessant å komme så nært innpå EU- systemet, og læra meir om korleis ting fungerer her. EU spelar ei viktig rolle i mykje av den internasjonale klima- og miljøpolitikken, og på fleire områder har dei vert ei drivkraft i dei internasjonale klimaforhandlingane. EU har satt seg mål opp mot 2020, og jobbar no med nye mål for 2030 og 2050. Eg var interessert i å finna ut meir om kva EU faktisk gjer for å følgja opp desse måla, og om korleis dei vil jobba vidare med klima og miljø.

I løpet av desse to vekene fekk eg mellom anna møte DG Climate Action, den delen av EU- kommisjonen som jobbar med klima. Her fekk eg meir informasjon om korleis EU jobbar med å overvaka og rapportera på reduksjon av klimagassutslepp. Dette er spesielt aktuelt for oss sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune nyleg har hatt eit forskingsprosjekt rundt bruk av indikatorar for å måle reduksjon av utslepp.

Det var også eit mål for meg å finne meir informasjon rundt arbeid med berekraftige lokalsamfunn, og nettverk knyt til dette. Her henta eg mykje inspirasjon i møte med ICLEI, ein internasjonal paraplyorganisasjon for berekraft i kommunar og lokalsamfunn.

Det norske klimaforskingssenteret CICERO har nyleg publisert ei bok om EU sin klimapolitikk. På seminaret «EU Climate Policies at a Crossroad, Rollback and Reinforcement» var det debatt rundt denne boka og dei mest sentrale klimatemaa i EU. Eit av temaa som står høgt på agendaen er Emission Trading Scheme (ETS), ein mekansime for kvotehandel som skal bidra til at det vert dyrare for industrien å ha store utslepp. Håpet er at ein slik mekanisme mellom anna vil skapa insentiv for eit skift til meir miljøvenleg industri og teknologi, med mindre utslepp. Problemet med mekanismen er at det har gått inflasjon i kvoteprisane ettersom finanskrisa har tvunge mykje av industrien i europeiske land til å redusera sin produksjon. Industrien er difor ikkje avhengig av å kjøpa så mange kvoter, og prisen på kvotene går ned. EU er difor no ved eit viktig vegskilje der dei må ta grep dersom dei ynskjer å oppretthalda kvotesystemet.

Besøket i Brussel gav også muligheit for meir informasjon om korleis den norske EU- delegasjonen jobbar. Det høyrest jo litt ut som eit paradoks at Norge har ein egen EU- delegasjon, når vi ikkje eingong er medlem i EU. Likevel er det klart at mange av avgjerdene som vert tatt i EU påverkar Norge i stor grad, særleg gjennom EØS- samarbeidet. Det er tydeleg at det er mange tett band mellom EU og Norge, og eit eksempel på dette er at den norske statsministeren kom ned for å ha besøk med presidenten i Europa- kommisjonen fredag førre veke.

Brussel har høg puls, og her skjer ting spontant. Det er viktig å halde agendaen sin nokolunde open, slik at ein er fleksibel og kan vera med på dei møta som dukkar opp. Det er altså ikkje ein stiv og litt kjedeleg by (som eg kanskje hadde forestilt meg på forhand), men ganske spennande og dynamisk. Tusen takk til Merete, Maria og Beate på Vestnorges Brusselkontor, og dei andre på Norway House, som tok godt i mot meg, inviterte meg med på mange aktiviteter og hjalp meg å finna svar på mine spørsmål!