Høyring om innovasjon i Europa
Europakommisjonen lanserte 14. april ei høyring om den nye strategien for Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) som skal arbeide for å fremje innovasjon i Europa. Noreg deltek i EIT i kraft av EØS-avtalen og bidreg økonomisk til EIT. Fristen for å komme med innspel er 30. juni 2011.
Høyringa er eit supplement til den pågåande debatten om framtidig støtte til forsking og innovasjon, og konsultasjonane skal bidra til utviklinga av den vidare strategiske innovasjonsagendaen for EIT som Kommisjonen skal leggja fram i desember 2011. Strategien vil mellom anna innehalda målsetjingar, finansiering og framtidige tema for instituttet. Høyringa er nettbasert, men det er òg mogeleg å komma med skriftlege innspel. Alle kan komma med innspel. Du kan finne lenkjer til pressemeldinga om konsultasjonane og tilbakemeldingsskjema på EU-delegasjonen sine nettsider.
EIT skal bidra til verdsleiande innovasjon gjennom integrasjon i kunnskapstriangelet som er sett saman av utdanning, forsking og innovasjon. EIT skal òg bidra i fleire av flaggskipa i Europa2020-programmet, m.a. Innovasjonsunionen, Ungdom på veg, Dagsorden for nye ferdigheiter og jobbar og Digital agenda for Europa. EIT held til i Budapest, og har nyleg inngått sjuårige avtalar med dei tre fyrste kunnskaps- og innovasjonssamfunna (Knowledge and Innovation Communities (KIC)) innan klima, energi og IKT. Desse opererar frå 16 stader rundt om i Europa. Det er for tida ingen norsk node i dei tre etablerte KIC-ane. Nye utlysingar for KICa vil kunne følgje på bakgrunn av den nye strategien for EIT. Ved å komme med innspel kan ein vere med på å utforme den framtidige strategien for EIT.