HVL einaste høgskule med prestisjestipend frå EU

Karan Choudhary, som inntil no har jobba som dommar i Delhi, har fått tildelt det høgthengande Marie Curie-stipendet. Saman med HVL-professor David G. Hebert, skal han forske på rettslege utfordringar knytt til musikk, særleg immatrielle rettigheiter som oppstår på grunn av framveksten av kunstig intelligens.

© Denne artikkelen er skriven av Mari-Louise Uldbæk Stephan, fagansvarleg for kommunikasjon og formidling ved Høgskulen på Vestlandet, og vart først publisert på Høgskulen si nettside. Artikkelen er publisert her med løyve frå HVL.

Utviklinga av kunstig intelligens skapar store utfordringar for den enkelte musikar og musikkbransjen som heilhet. Medan dei teknologiske moglegheitene endrar seg i ei rasande fart, strevar lovverket med å halde følgje.

Gjennom MSCA postdoctoral fellowship-prosjektet Legal Challenges posed by AI Generated Music, skal Karan Choudhary utforske feltet både tverrfagleg og på tvers av landegrenser.

For tida er Choudhary i Bergen på eit tre vekers forskingsbesøk ved Høgskulen på Vestlandet før han kjem tilbake i september for å formelt byrje sitt 2-årige opphald med MSCA-stipendet (2025-2027).

Globale utfordringar knytt til musikk og kunstig intelligens

– På mange måtar går vi inn i et felt som er lite utforska. I prosjektet vil vi samanlikne utvikling og lovverk i Kina, India, Noreg, USA og Storbritannia, seier Choudhary.

Choudhary har ein doktorgrader i jus frå både Université Paris Nanterre og National Law University i Delhi, og har samarbeida med Hebert over tid. Dommaren deltok tidlegare på eit av Hebert sine ph.d.-seminar og bidrog seinare med eit kapittel i ein av bøkene hans.

– Vårt tidlegare samarbeid har utvilsamt styrka søknaden. I tillegg er rettslege utfordringar knytt til musikk og kunstig intelligens eit særs aktuelt tema i heile verda, påpeikar Hebert.

Målet med prosjektet er å komme med anbefalingar til både politikarar og til musikkindustrien.

– Digital teknologi bør vere trygg, rettferdig og demokratisk. Gjennom denne forskinga kan vi bidra til å utforme globale løysingar, seier Choudhary.

Seks søknader frå Høgskulen på Vestlandet

Marie Curie-stipenda er ein del av det europeiske rammeprogrammet for forsking, Horisont Europa, og går til doktorgradsstipendiatar og postdoktorstipend for forskarar og stipendiatar som ønsker å jobbe i utlandet.

Potten på 4,8 milliardar kroner blir fordelt på 1696 postdoktorar.

Til saman var det 25 norske institusjonar som søkte om Marie Curie-stipend for postdoktorar i denne runden.

  • 10 universitet: 264 søknadar. 45 innvilga til 9 universitet.
  • 7 høgskuler: 18 søknader. 1 innvilga.
  • 7 forskingsinstitutt: 10 søknader. 1 innvilga.
  • 1 helseforetak: 1 søknad. Ingen innvilga.

— Det er gledeleg for Høgskulen på Vestlandet at vi har kome gjennom nålauget i Marie Curie-programmet. Dette er viktig for å styrke ei vidare satsing på samarbeid med utanlandske forskarar. Mange samfunnsutfordringar er også globale, og då treng vi forsking på tvers av landegrenser for å løyse dei, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL.

Frå før har HVL tre MSCA postdoctoral fellowship innan ulike delar av organisasjonen. Det er Adam McElligott med Boris Balakin som veiledar, Miriam Schmaus med Edit Bugge som veiledar og Kim von Schönfeld med Wendy Tan som veiledar.

Lenke til informasjon om professor David G. Hebert og forskingsgruppa GAME

Marie Curie-stipend

Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA) i det europeiske rammeprogrammet Horisont Europa bidreg til framifrå og nyskapande forsking, i tillegg til karriereutvikling og kunnskapsoverføring på tvers av landegrenser og sektorar.

MSCA PF gir finansiering av en forsker på postdoktor-nivå i to eller tre år. Enten i to år ved en europeisk vertsinstitusjon, eller i to år ved en institusjon utenfor Horisont-Europa landene og deretter ett år i Europa.