HVL skal integrere kunstig intelligens i lærarutdanninga gjennom europeisk samarbeid
HVL og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fått tilslag på to Erasmus+ lærarakademi som skal styrke og vidareutvikle KI-kompetansen til lærarar.
© Denne artikkelen er skrevet av Eline Lundervold, kommunikasjonsrådgiver ved Høgskulen på Vestlandet, og ble først publisert på Høgskulen sin nettside. Artikkelen publiseres her med tillatelse fra Høgskulen på Vestlandet.
Dei to Erasmus+ lærarakadmia har prosjektnamn AI-Teach og ACT-AI Academy. HVL er viktig partnar i begge prosjekta som vil ha stor innflytelse på korleis lærarutdanninga skal vidareutvikle sin kompetanse innan kunstig intelligens.
Prosjekta har ein totalramme på 1,5 millionar Euro kvar. HVL har fått 175.993 Euro til AI-Teach og 119.767 Euro til ACT-AI Academy. Begge prosjekta har oppstart første kvartal 2025 med ein prosjektperiode på 3 år.
Lærarutdanninga må vere med på utviklinga
Dette arbeidet svarar på auka interesse for kunstig intelligens i utdanningsmiljøet. Prosjekta representerer viktige framsteg på KI-feltet for å integrere moderne teknologi i lærarutdanninga, noko som vil bidra til å styrke både lærarane og elevane sin kompetanse.
HVL ser fram til å sjå dei positive effektane desse prosjekta vil ha på utdanning og forsking. Norsk lærarutdanning er i ein unik posisjon til å delta i utviklinga.
– Tilslag på store søknadar som desse vil gi gode faglege nettverk og utviklingsmoglegheiter. Det er også eit viktig signal om vårt ansvar som lærarutdanningsinstitusjon til å vidareutvikle gode og trygge verktøy for lærarar og elevar i skulen, seier prodekan for forsking i FLKI Vegard Fusche Moe.
Frå HVL er det fleire initiativtakarar og søknaden til ACT-AI er det Oded Ben-Horin, Hans Mark Svedal, Kerry Chappell og Lydia Heuling som har jobba fram. I AI-Teach er Gro Vatne Røsland, Jon Øivind Hoem og Dag Ove Vareberg med som ansvarlege for arbeidspakken. Forskingsrådgivarar i AFII ved HVL, Einar Seime Stokka og Siarhei Piashkun har vore viktige bidragsytarar i arbeidet med søknadsprosessen.
Lærarakademiet AI-Teach
AI-Teach (Enhancing teachers’ AI Literacy) framhevar behovet for klare retningslinjer, opplæring og støtte til lærarane. AI Index-rapporten frå Stanford Institute viser ein stadig auka interesse for KI i utdanningsmiljøet.
Handlingsplanen for digital utdanning (2021-2027) understrekar behovet for å styrke digitale ferdigheiter og KI-kompetansar, inkludert innhaldsforståing, kritisk refleksjon og dataferdigheiter. Fleire undersøkingar viser at lærarar er bekymra og tilbakehalden med å implementere nye KI-verktøy i sine klasserom.
Lærarakademiet AI-Teach har som mål å utstyre lærarar med nødvendige ferdigheiter innan KI i utdanning gjennom eit skreddarsydd treningsprogram på 20 studiepoeng (ECTS). Akademiet fremjar også mobilitet blant lærarar for å utveksle kunnskap og erfaringar innan KI-kompetanse.
Målsetjinga er å etablere eit europeisk partnarskap for lærarutdanning og kontinuerleg fagleg utvikling, samt å utforme retningslinjer for KI-kompetanse som ein viktig del av lærarutdanninga.
ACT-AI Academy vil styrke utdanningskvalitet i Europa
ACT-AI Academy (European Academy for Teachers’ skills and competencies development for an effective AI Integration in education) har som mål å etablere eit pan-europeisk akademi for KI-integrasjon i utdanning. Prosjektet vil blant anna utvikle eit modulært opplæringsprogram basert på internasjonal litteratur, mikro-læring og universell utforming for læring. I tillegg skal dei utvikle ein interaktiv digital plattform.
For å realisere dette må lærarar ha nødvendig KI-kompetanse og ta opp etiske spørsmål. Prosjektet fokuserer på kritiske KI-kompetansar og tilbyr opplæring for lærarstudentar og lærarar, med mål om politiske tilrådingar og brei deltaking. Også frå underrepresenterte grupper. På den måten vil dei forbetre utdanningskvaliteten i Europa med støtte frå eit tverrfagleg nettverk av partnarar frå 8 land, inkludert UH-institusjonar, EVO-aktørar, kommunar og offentlege myndigheiter.
Målgruppa til kompetansepakken er lærarstudentar, yrkesaktive lærarar og skuleleiarar. Prosjektet skal bidra til å styrke utdanningskvalitet i Europa gjennom blant anna personifisering av læring, automatisering av administrative oppgåver og tilbakemeldingar, samt innsikt i studentprestasjonar gjennom data-analyse.