Internasjonalisering av utdanning
Tre veker som hospitant på Vest-Norges Brusselkontor (VNB) er snart over. I Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune (HFK) arbeider eg som seniorrådgivar med ansvar for internasjonalisering. I tre veker i Norway House har eg vore som ein del av staben på VNB. Merete, Maria og dei to studentpraktikantane Silje og Håkon tok godt imot meg då eg kom, og dei har lagt ting til rette for meg på ein slik måte at eg har fått maksimalt ut av hospitantperioden.
Bakgrunnen for at eg ønskte å hospitere ved VNB var at Opplæringsavdelinga i HFK har som mål å bruke VNB meir aktivt i det internasjonale arbeidet. Her i Brussel, midt i hjertet av Europa, har fylkeskommunen ein ganske ubrukt ressurs for Opplæringsavdelinga sitt vedkomande. No har eg sett nærare på korleis Opplæringsavdelinga og dei vidaregåande skulane våre kan nytte regionkontoret på ein målretta måte med utgangspunkt i den internasjonale strategien vår.
Sidan Stortingsmelding 14 (2008 – 2009), Internasjonalisering av utdanning, kom, har det vore sterkt nasjonalt fokus på internasjonalisering i heile opplæringsløpet. Internasjonalisering skal vere ein integrert del av skulekvardagen og blir sett i samanheng med kvalitet i utdanninga. EU sitt nye integrerte program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett Erasmus+ (2014 – 2020) har fått ei budsjettauke på rundt 40% samanlikna med tidlegare program. Budsjettet på 14.7 milliardar euro over sju år viser at Europa satsar på opplæring og samarbeid.
Under opphaldet mitt har eg møtt fagpersonar i EU-kommisjonen og ved Norges EU-delegasjon. Alle viser til moglegheitene som ligg i EU-programma for opplæringssektoren. Norske myndigheiter ønskjer meir aktivitet innanfor programma. Det norske bidraget til Erasmus+ vil vere på ca. 220 millionar kroner i 2014 og rundt 3.3 milliardar for heile programperioden. Vi må nytte sjansane! Midlane er der, og vi må utvikle fleire gode prosjektidear og søkje etter relevante partnarar. Dette kan VNB hjelpe oss med gjennom sine nettverk ved til dømes å arrangere møteplassar for skulane. Mange skular har utfordringar med å finne partnarar når dei ønskjer å søkje både om individuelle mobilitetar og strategiske partnarskap. Å skape møteplassar og å få informasjon om andre som søkjer partnarskap vil bli godt motteken på skulane. Her må eg ile til å seie at Hordaland fylkeskommune allereie er aktive brukarar av EU-program. For Hovudtiltak 1 – utveksling/mobilitet i Erasmus+ har HFK i år søkt om utveksling for over 400 deltakarar, blant desse er det ca 200 elevar og 25 lærlingar.
Vidare kan VNB gi Opplæringsavdelinga relevant informasjon frå EU på bestemte område. Moglege tema kan vere fråfall, fleirkulturelle samfunn, ungdomsarbeidsløyse og menneskerettar og verdiar.
Mens eg har vore i Brussel, har det samtidig vore eit yrande liv på det politiske planet; både norske politikarar og internasjonale politiske storleikar har besøkt Brussel. Når ein sitter i Norway House som ligg i kvartalet rundt Schuman, kan ein ikkje unngå nesten å støyte på Obama eller den kinesiske presidenten når dei gjestar EU-hovudstaden! Når dessutan værgudane har gitt oss sommartemperaturar i mange veker, ja då er alle forventingar og meir til innfridd.
Eg vil igjen takke Merete, Maria, Silje og Håkon for god oppfølging, relevant informasjon og dei gode samtalane vi har hatt om ungdom, opplæring og karrierevegar. Nå reiser eg heim til Hordaland og startar planlegginga av konkrete tiltak for samarbeid mellom VNB, Opplæringsavdelinga og dei vidaregåande skulane i Hordaland.
Foto: Vest- Norges Brusselkontor