Jølster – i hjartet av Sogn og Fjordane og Vestlandet
Visjonen til Jølster kommune er «Skaparkraft – i verdas vakraste ramme». Jølster er føde- og heimstad til fleire kunstnarar, mellom anna den berømte målaren Nikolai Astrup. Det er i naturen her han har henta motiva til sine mange kunstverk. Om du besøker Jølster vil du forstå kvifor han ikkje gjorde som mange andre norske kunstnarar som drog ut i Europa for å hente inspirasjon og skaparkraft: Her står du midt i eit kunstverk, bokstaveleg talt i verdas vakraste ramme!
Jølster ligg geografisk sentralt plassert på Vestlandet, midt i Sogn og Fjordane fylke og rundt det ca. 3 mil lange Jølstravatnet. Kommunen har ca. 3100 innbyggarar og dekkjer eit areal på 671 km2. Av dette er 90 km2 isbrear og 43,5 km2 ferskvatn. Det høgste fjellet er Snønipa (1827 moh). Kommunesenteret Skei ligg i austre del av Jølstravatnet. Jølster har eit aktivt landbruk, elles jobbar mange innan bygg- og anleggsektoren og offentlege arbeidsplassar. Kommunen er også kraftkommune og har eit betydeleg overskot av vasskraft. Det er per i dag utbygd småkraftverk som produserer til saman 157 GWh, men i følgje NVE si siste ressurskartlegging er det eit samla potensiale på 362 GWh.
Jølster er ein fin stad for alle som likar å bruke naturen. Her vil du garantert finne ein tur som høver for deg, frå den enkle spasertur langs Jølstravatnet, eller høgt til fjells med utsyn til vatn og bre. Du kan gå korte og lange turar, ein fin og lett familietur, t.d. fram til dei mange fine støylsområda våre. Vi kan også tilby gode fiskemoglegheiter, Jølstravatnet er det beste fiskevatnet i Nord-Europa, her har det vore fanga aure heilt opp til 15,5 kg! Du kan også fiske i elvene og dei mange fjellvatna våre. Fiskekort får du kjøpt på turistinformasjonen, bensinstasjonar og i butikkar. Du kann også kjøpe det på nettastaden naturogferie.no.
I tillegg til gode turmoglegheiter kan du mellom anna besøke Astruptunet, heimen til Nikolai Astrup. Det ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Der kan du sjå og høyre korleis kunstnaren levde og sjå kunsten hans der den vart skapt. På motsett side av vatnet, på Ålhus, finn du i Eikaasgalleriet. Der kan du oppleve kunsten til ein annan kjend målar, grafikar og skulptør frå Jølster, Ludvig Eikaas. Vi anbefaler også eit besøk på Jølstramuseet, som i tillegg til ei flott samling av gamle hus, folkedrakter og bruksting frå kommunen også har kunstutstilling kvar sommar. Elles finn du slalåmanlegg og golfbane på Vassenden, du kan rafte i Stardalselva og Jølstra, eller vandre på breen i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Elles kan vi også anbefale eit besøk hjå Norges største butikk-kjede innan husflid og suvenirar, Audhild Vikens Vevstove på Skei. Velkomen til Jølster!
Les meir om Jølster på kommunen si heimeside.