Statsstøtte: Rettleiing til tenester av allmenn interesse:
Europakommisjonen har kome med ei rettleiing for å hjelpe myndigheiter med å tilby høgkvalitetstenester av allmenn interesse. Med denne rettleiinga freistar ein å kaste lys over gjeldande EU-reglar for organisering og finansiering av tenester av allmenn interesse. Slik kan rettleiinga vere til god hjelp, særskilt for myndigheiter på lokalnivå, når desse skal tilby høgkvalitetstenester i tråd med EU-reglane.