EU-seminar for næringslivet.
I juli 2011 kjem det eit nytt ras av utlysingar for 7RP-prosjekt. I samband med dette legg Forskingsrådet ut på turné til alle universitetsbyane i landet, og den 24. mai står Bergen for tur. For å vere i forkant av desse utlysingane, og sidan ein reknar med å kjenne mykje av innhaldet tidlegare enn i fjor, legg Forskingsrådet saman med Universitetet i Bergen opp til ein informasjonsdag retta spesielt mot næringslivet denne dagen.