Ved sidan av finanskrisa, så er det klima og energi som står øvst på dagsorden i EU. Særleg er det fokus på energi som kan vinnast att. EU har heilt klåre ambisjonar: Unionen skal vere leiande i verda og meinar å ha både dei menneskelege, tekniske og finansielle ressursane til å ta denne leiarrolla. EU arbeider med fleire pakkar. Eit aktivt fransk leiarskap har jobba på høgtrykk med å få til kompromiss. Samstundes er det store forventningar til den nye amerikanske presidenten.
Sjølv om det gjerne er reduksjonsmåla som får fokus, er tilpassingsdelen også sentral. For endringane i klimaet er påviselege. EU meinar at dei mest utsette områda i Europa er kring Middelhavet (tørke og varme) og lengst nord. Temperaturauken vil bli høgare i Arktis enn nokon annan stad, medan det i Skandinavia vil bli mildare og meir nedbør.
For slik er det: Naturen endrar seg når det blir varmare, gir nye artar, ny vekst og endra føresetnader for oss alle..
Finnane la fram ein strategi for klimatilpassing i mars 2007 medan svenskane var på bana i oktober same året. I Noreg varslar regjeringa at dei ville starte opp arbeidet i vinter.
Det er harde tautrekkingar om kor store utsleppsreduksjonane skal vere i kvart medlemsland. Det er uansett eit faktum at vi har passert ein terskel der endringane er godt synlege. Bjerknessenteret har nett levert ein rapport som syner at berre stiginga av havet vil medføre store konsekvensar for oss. Strandtomtar får ein redusert verdi når vatnet skvalpar over. Ekstremvêr er visst noko vi må venje oss til.
I spådommar som blir trekt fram, blir det likevel peika på at endringane vil slå ulikt ut i ulike regionar. Og i Noreg ser det ut for at vi alle får det mildare og sommaren kan jamvel verte tørrare. Det betyr også lengre vekstsesong, meir vasskraft, nye treartar og nye insekt. Og ein turisme i endring.
EU la i 2007 fram sitt diskusjonsdokument som dei kallar ”Adapting to Climate Change in Europe”. Dei hadde det på høyring same året og det blir forventa at dei dreg konklusjonar i 2009.
I Noreg er vi i startgropa.