Frå no av skal alle nye typar personbilar og små varebilar vere utstyrt med køyrelys. For lastebilar og bussar gjeld dei same reglane først frå august 2012. Lysa kjem på automatisk når ein startar motoren, og skal auke trafikksikkerheita ved at det vert mykje lettare for andre trafikantar å sjå bilen. Lysa brukar og mykje mindre energi enn vanleg nærlys. I land der køyrelys allereie er påbudt har det hatt ein positiv effekt for trafikksikkerheita.
Visepresidenten i EU-kommisjonen, Antonio Tajani, som er ansvarleg for industri og entreprenørskap seier at: ”Køyrelys er ein viktig del av arbeidet med å få ned talet på ulukker på europeiske vegar. Det er òg meir miljøvenleg sida neit lågare energiforbruk vil redusere CO2-utsleppa smanlikna med dagens nærlys.”
Les mer