Utfordringar og mogelegheiter når Kroatia tar over styringa i EU
Som det yngste medlemslandet i EU tar Kroatia for første gong over formannskapet i Rådet 1. januar 2020. Formannskapsperioden vil ikkje mangle utfordringar, i det EU går inn i ein krevjande periode med budsjettforhandlingar, brexit og utviding av EU på agendaen.
Kroatia, som vart medlem i EU i 2013, tar 1. januar over formannskapet i Rådet etter Finland for det neste halvåret. Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapet har i oppgåve å leie rådsmøta og trygge kontinuitet i Rådet. Dette er den siste perioden i den 18-månaders lange formannskapstrioen som består av Romania, Finland og Kroatia. Formannskapet har ei sentral rolle i EU-systemet: I tillegg til å få ansvar for å leie Rådet og vere med på å styre utviklinga i EU, har formannskapslandet høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar. Kroatia arvar samtidig mange av utfordringane som har vore på EUs agenda den siste tida.
Kroatias ambassadør til EU, Irena Andrassy, la fram planane landet har for dei neste seks månadane på eit seminar organisert av den Brussel-baserte tenketanken EPC.
«Eit sterkt Europa i ei verd av utfordringar»
Mottoet Kroatia har vald til sin formannskapsperiode, «Eit sterkt Europa i ei verd av utfordringar» (A strong Europe in a world of challenges), viser til eit EU prega av globale, eksterne utfordringar. Samtidig har EU hatt store endringar internt det siste året, som nytt Europaparlament og ny Europakommisjon. På nyåret vil alle dei tre institusjonane vere fullt operasjonelle, og ny politikk skal leggast fram gjennomførast. Andrassy peikte på at dei neste seks månadane derfor vil bli utfordrande for Kroatia, men òg vil bringe med seg store mogelegheiter.
Politiske utfordringar i horisonten
Den største utfordringa for formannskapet vil utan tvil bli å leie forhandlingane om EUs nye langtidsbudsjett (MFF) for perioden 2021-2027. Forhandlingane er allereie på etterskot, og gapet mellom dei ulike fraksjonane et stort. Det største spørsmålet er knytt til storleiken på budsjettet. Nokre medlemmar ønskjer at alle betalar inn meir, medan andre ønskjer å krympe medlemslanda sine bidrag til budsjettet. Medlemslanda må uansett dekke inn hòlet i budsjettet som kjem av netto bidragsytar Storbritannia sin føreståande utgang av Unionen. Andrassy understreka at budsjettforhandlingane ikkje berre handlar om kven som skal betale kva, men går heilt til kjernen av kva EU skal vere og kva Unionen skal stå for i framtida.
Brexit er ei anna uløyst sak for EU. Som kjent har brexit vist seg å vere ein uberekneleg og langtekkeleg prosess. På den andre sida har medlemslanda vist at dei kan stå saman og snakke med éi stemme, poengterte Andrassy. Kroatia som formannskapsland kan ikkje anna enn å gjere så godt dei kan med det dei får. Samtidig er det eit paradoks at det yngste medlemslandet er i styringa av EU når eit stort, gamalt medlemsland skal tre ut.
Spørsmålet om utviding av EU er enda eit betent tema. Tidlegare i haust vart det klart at Macron og Frankrike blokka forslaget om å starte offisielle medlemskapsforhandlingar med Albania og Nord-Makedonia. Landa har nådd København-kriteria som EU har satt for å kunne bli medlem, men no blir forhandlingane likevel satt på vent. Som eit ungt medlemsland frå Balkan kan Kroatia sjølv forstå vonbrotet desse landa opplever ved nederlaget, etter å ha jobba hardt for å få gjennom naudsynte endringar for å møte kriteria. Andrassy peikte på at viktigheita av dei politiske prosessane i forkant og rundt utviding av EU ofte blir undervurdert, og det er lett å fokusere berre på tekniske detaljar og formalitetar. Samtidig må medlemslanda hugse på kva EU eigentleg handlar om, som solidaritet, økonomi, politikk og tryggleik. Det handlar om strategisk tenking for framtida, både EU og dei nye landa vil vinne på utviding. Andrassy meinte at dersom ein har motivasjon og politisk vilje er alt mogeleg.
Fire prioriterte område
Kroatia har meisla ut sine prioriteringar i tråd med Rådet sin strategiske agenda for 2019-2024, samt politiske linjer lagt fram av kommisjonspresident Ursula von der Leyen tidlegare i år.
Dei har kome fram til fire prioriterte område. Desse skal vere leiande prinsipp for formannskapet sitt arbeid og gjeld både internt i Unionen og i det eksterne arbeidet. Dei fire områda omfattar alt frå energi, tryggleik, økonomi, forsking, migrasjon, handel og samarbeid.
- Eit Europa som veks (grows)
- Eit Europa som bind saman (connects)
- Eit Europa som beskyttar (protects)
- Eit Europa som har global innflytelse (influential)
Eit underliggande styringsprinsipp for alt formannskapet gjer skal vere at EU-politikken skal bringast nærare innbyggarane, særleg dei unge, og vere berekraftig og i tråd med FNs berekraftsmål.
Les meir om Kroatias formannskap i Euractiv sin artikkel og følg dei på Twitter her.
Les Utanriksdepartementet sin artikkel her.