Kulturelle haldningar kan vere avgjerande for å fremje innovasjon
Sosiale oppfatningar i samfunnet kan vere like avgjerande for å skape ein entreprenørskapskultur som offentlege tilskotsordningar. Dette kjem fram i ein forskingsrapport som vart lagt fram i slutten av førre veke. Innovasjon har fått hovudrolla innanfor policy-utvikling i EU etter at Brussel har utpeikt forsking, utdanning og flaggskipet ”Innovation Union” som dei viktigaste punkta i Europa 2020-strategien for å skape vekst og fleire arbeidsplassar.
I undersøkinga har 1000 leiarar frå 12 ulike land vorte intervjua om sine haldningar til innovasjon. Uavhengig av kor innovative verksemdene i kvart land var, fann undersøkinga at synet på offentleg støtte og drivarar for innovasjonvar avgjerande. I land der innovasjon vart sett på som eit samarbeidsprosjekt, styrt av kreativitet, utdanning og individuelt potensial er leiarane meir optimistiske til innovasjonspotensialet. Dersom innovasjon derimot vart sett på som noko sentralisert, styrt av vitskap og store verksemder, samt at samfunnet hadde ei tvilande haldning, var svara meir pessimistiske.
“Ideen om optimisme og innovasjon er nøkkelen til å samle støtte frå samfunn og politikarar,” uttalte Antoine Harary som er EU-direktør for StrategyOne som har utført undersøkinga for GE. I undersøkinga svara meir enn halvparten av leiarane at å ha tilsette som tenkjer utradisjonelt er ein av dei tre viktigaste faktorane for at verksemder kan innovere, fulgt av det å ha tilsette med avansert teknisk kunnskap, samt meir offentleg finansiering. Svara indikerar at optimisme om innovasjon ikkje kan forklarast av verksemdene sine prestasjonar, men av kvart land si evne til å fremje ein ny og positiv modell for innovasjon og samfunnsforhold, sa Harary frå StrategyOne. Les meir her.