Lærerik hospitanttid i Brussel

Hordaland fylkeskommune er ein av medlemmane av Vest-Norges Brusselkontor. Kontoret utlyser kvart semester mogelegheit for hospitering for kontoret sine medlemmar. Ordninga er ei god anledning til å setja seg inn i Europa-relaterte fagspørsmål. Søknadsfrist for hausten er 15. juni 2011 (se utlysning her). Merete Mikkelsen er direktør ved kontoret og John Tveit medarbeidar, i tillegg til vekslande traineear.

Norway House i Europas hovudstad

Kontoret held til i Norway House, og er næraste nabo til hovudkvarteret for EU. Ei rekkje andre norske organisasjonar er samlokalisert i huset, mellom anna ambassaden til EU med fagpersonell på dei fleste område. Brussel, hovudstaden i Europa, er også hovudsete for eit mangfald av interessante europeiske organisasjonar, så vel som globale.

To veker med fagleg påfyll

For ein plansjef i Hordaland fylkeskommune blei fjorten dagar ved Brusselkontoret fort fylt med svært lærerikt innhald. Brusselkontoret sitt arbeid og perspektiv med møteverksemd og kontaktnett i den norske Brussel-kontingenten, inklusive ambassadørens kontaktforum, var eitt element. Den årlege Green Week-konferansen som EU sitt ”miljøverndepartement”, Generaldirektoratet for miljøvern (DG Environment), arrangerar, og ein dag ved planinstituttet ved Universitetet i nabobyen Leuven er andre eksempel.

EØS-avtalen omfattar planlegging

Noreg sitt forhold til EU er definert av EØS-avtalen, og planlegging er innlemma i denne. Likevel er det lite ein merkar direkte til avtalen, mellom anna grunna ei utbreidd haldning om nasjonalt sjølvstyre på planområdet internt i EU. Men det er to viktige unntak: Direktivet om konsekvensutgreiing av planar og tiltak, og vassdirektivet som fylkeskommunen har eit ansvar for å setja i verk gjennom regionale planar. Noreg si haldning er generelt å påverke alt som er relevant for Noreg innan EU, og så langt som tenleg, tilpassa Noreg til endringane i EU. Europe2020 er eit sentralt policydokument som alle no vender seg mot ifylgje Miljøverndepartementet sine rådgjevarar i Brussel Knut Kroepelien og Marie Helene Korsvoll.

Green Week for alle

Konferansen Green Week hadde effektiv ressursutnytting som hovudtema. Aktiviteten bestod av politiske markeringar, fagleg formidling, debatt og prosess, samt nettverksbygging. Arrangementet var ope og gratis, og 2000-3000 passerte sikkerheitssperringane inn til sjølve hovudkvarteret i EU. Utanfor seminarromma var det mingleområde der ulike organisasjonar formidla sine bodskap og interesser. Kopling mot fagnettverk, kunnskapsformidling og arenaer relevant for planlegging i Hordaland var mellom det som kan gje langsiktig effekt. For meir informasjon om konferansen, fylg lenkja: www.greenweek2011.eu

Innovasjonsrace

Ein liten som kan gje interesse for resten kan vera bodskapen frå verdas næringsliv. Innovasjonsracet mot berekraft har begynt. Kina akselererer sterkast gjennom sin nyleg vedtatte fem-års plan. USA har størst innovasjonspotensial, men slit med veljaropinionen. Europa har sjanse til å bli verdsleiande.

På veg mot global berekraft

På siste dag av konferansen var det tid for konklusjonar. Bjørn Stigson, president i World Business Council for Sustainable Development, EU-ministrane for miljø, Janez Potocnik ,og klima, Connie Hedegaard, samt sjefsøkonom i OECD, Pier Carlo Padoan, var stort sett einige. Politikarane må setja klåre talfesta mål og stå ved dei over tid for å gjera det mogeleg for næringslivet å vita kor ein skal setja i gong naudsynte innovasjonsprosessar. Grønt skattesystem, sterke institusjonar som handhevar regelverk og tilrettelegging for spisskompetansemiljø er andre avtala konklusjonar.

Sunn fornuft

Ein tydeleg sliten, men også nøgd generaldirektør for Europakommisjonens DG Environment, Karl Falkenberg, leia avslutningsseansen og kunne konstatera at Europa kan bli stifinnar-verdsdelen. Miljøvernministeren gjentok til slutt si innleiingstese “It’s all about common sense”.

Marit Rødseth, Plansjef, Hordaland fylkeskommune