Sett av datoane: Lynkurs i EU/EØS 12.-13. september
Speler EU eigentleg ei rolle for norske kommuner og fylkeskommuner? Er det stor skilnad på dei sakene lokal- og regionalpolitikarar i Europa og Norge diskuterer? På kva måte deltek Noreg i det europeiske samarbeidet på, og korleis kan vi dra nytte av dette?
Desse spørsmåla blir tema på lynkurs i EU og EØS i september. For tredje året på rad samarbeider vi på Vest-Norges Brusselkontor med KS og dei andre regionkontora i Brussel om å arrangere lynkurset. Målgruppa er folkevalde og leiarar frå kommuner og fylkeskommuner. Kurset er meint å gi ei innføring i samspelet mellom EU og norsk kommunesektor og gi eit innblikk i korleis kommunene blir påverka av EØS.
Årets kurs blir lagt til 12.-13. september, som eit lunsj-til-lunsj-seminar i Norges Hus i Brussel. Kurset har vore ein stor suksess tidlegare år, så det er berre å sette av datoane allereie no.
Les mer om dei tidlegare lynkursa vi har arrangert i 2017 her og i 2016 her.
Program, påmelding og meir informasjon blir lagt ut seinare.