Havforskingsinstituttet (HI) er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa med om lag 1050 tilsette. Hovudaktivitetene består av forsking, rådgjeving og overvaking. HI fusjonerte med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i januar 2018.

Hovudkontoret ligg i Bergen. HI har ein avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen. I tillegg har dei eit eige reiarlag som har ansvar for forskingsfartøya.

Havforskingsinstituttet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, og rundt 40 prosent av verksemda vår er finansiert av departementet. Resten blir finansiert av eksterne forskingsmidlar.

Teksten er henta frå nettsidene til HI

Våre medlemmer