Høgskulen på Vestlandet (HVL) blei først etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund slo seg saman til éin. HVL er i dag ein av dei største høgskulane i landet, med over 16 000 studentar og 1 400 tilsette.
Høgskulen har sterke og innovative fagmiljø fordelt på fem campusar i Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund.
Høgskulen er kjent for å ha ein tydeleg arbeidsretta profil i utdanningsprogramma sine, og er difor ein viktig støttespelar for regionen. HVL ønskjer å vere ein aktør for innovasjon og verdiskaping i framtida, der målet er berekraftig utvikling gjennom riktig kompetanse i vestlandsregionen.
HVL sin strategi for 2023-2030 finn du her.