Vik kommune
Vik er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg på sørsida av Sognefjorden og grensar i vest til Høyanger og Modalen, i sør til Voss og Vaksdal, i sør og søraust til Aurland, i aust til Lærdal og i nord til Sogndal.
Kommunen omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til Vik sentrum. Vikøyri er det administrative senteret og den einaste tettstaden i kommunen. Vik har ein variert industri der jern- og metallvareindustri er ein dominerande bransje. Andre viktige bransjar er produksjon av maskiner og utstyr samt jordbruk. Jordbruket er prega av storfe- og sauehald og fruktdyrking. Vik er mellom anna kjent for bringebær og gamalost. Sidan 2014 har det blitt arrangert Norsk Bringebærfestival i kommunen, og Gamalostfestivalen har vore ein årleg tradisjon sidan 90-talet. TINE Meierier i Vik er det einaste meieriet i landet som produserer gamalost. «Gamalost frå Vik» er verna som «Beskytta geografisk nemning», og er tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke Olavsrosa.
Til Vik kan ein komme ved å ta Rv13 over Vikafjellet frå Voss, Bergen og Oslo, eller ein kan komme via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden. Det er og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, om sommaren to gonger dagleg.
Innbyggjartalet er 2.563 (2022) og areal er 833 kvadratkilometer. Det høgaste fjellet er Fresvikbreen (1642 moh.).
Kjelder: Vik kommune, Store norske leksikon, Gamalostfestivalen, Bringebærfestivalen.
Les meir om Vik kommune på heimesida deira.