Mogelegheiter i Europa innan yrkesfag og for næringslivet
SIU (Senter for internasjonalisering av høgre utdanning) arrangerar no informasjonsmøte i fleire byar i Noreg for deg som jobbar med yrkesfagleg opplæring eller i næringslivet og som er interessert i europeisk samarbeid.
Ein kan mellom anna søkje om økonomisk støtte til:
• Å utvikle din institusjon til ein nasjonal læringsarena: Fagsamarbeid med yrkesfaglege institusjonar i Europa
• Kompetanseutvikling hjå tilsette: Etterutdanning og kurs i Europa som skuleleiar, instruktør eller lærar
• Kompetanseheving for lærlingar: Ta delar av læretida i europeiske verksemder
• Støtte til å spreie bruk av gode opplæringsprodukt
Europeisk skulesamarbeid verkar motiverande, samt at ein får betre språkkunnskapar med på kjøpet. Målet er å heva kvaliteten i opplæringa.
På informasjonsmøta vil nokre av dei som har fått støtte tidlegare fortelje om sine erfaringar, samt at SIU vil informere om kva mogelegheiter som finst og korleis du kan søkje om støtte.
Informasjonsmøta er gratis, men ein lyt sjølv dekke ev. reiseutgifter.
Denne gongen vert møta haldne i Oslo (7. sep.), Stavanger (8. sep.), Tromsø (12. sep.) og Steinkjer (13. sep.). Påmeldingsfristen er 26. august.
For program og påmelding, sjå her.