Møre og Romsdal sett på kartet i OECD-rapport om sirkulærøkonomi

I midten av november var fylkesordførar Anders Riise i Brussel i høve lanseringa av OECD-rapporten «Circular Economy in Møre and Romsdal». Denne rapporten er eit resultat av fylkeskommunen si deltaking i EU-nettverket «Circular Cities and Regions Initiative» (CCRI). Som ein del av dette nettverket blei Møre og Romsdal valt ut som éin av ti europeiske regionar til å delta i eit kartleggingsprosjekt om sirkulærøkonomi. 

Under ein panelsamtale presenterte fylkesordførar Riise hovudfunna frå kartlegginga, saman med representantar frå Berlin og den greske regionen Sentral-Makedonia som også har blitt kartlagd. Rapporten frå OECD gir ein grundig statusanalyse av sirkulærøkonomi i fylket og inneheld konkrete tilrådingar for å framskunde overgangen til ein sirkulær økonomi. Tilrådingane er baserte på OECD sitt 3P-rammeverk: people, policy og places. 

Fylkesordfører Anders Riise presenterer rapporten » The Circular Economy in Møre and Romsdal, Norway»

Om CCRI 

«Circular Cities and Regions Initiative» (CCRI) er eit EU-initiativ som skal bidra til å akselerere overgangen til ein sirkulær økonomi på regionalt og lokalt nivå. Nettverket er ein del av EU sin handlingsplan for sirkulærøkonomi, og er finansiert av forsking- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa.  

To av medlemane til VNB er med i CCRI. Møre og Romsdal fylkeskommune deltek som såkalla følgjeregion, medan Bergen kommune er følgjeby (fellows). Gjennom nettverket kan deltakarane lære av byar og regionar som ligg lenger framme på området (pilots), få fagleg rettleiing og finne aktuelle prosjektpartnarar. 

Dagen etter rapportlanseringa arrangerte CCRI sin andre konferanse i Brussel, der VNB deltok saman med representantar frå fylkeskommunen. VNB har også støtta fylkeskommunen i forkant av lanseringa, både med faglege innspel og tilrettelegging i høve fylkesordføraren sitt besøk. Vi håpar mange aktørar i Vest-Norge kan dra nytte av kartlegginga og gler oss til å følge arbeidet vidare! 

 

Rapporten «The Circular Economy in Møre and Romsdal, Norway» kan lesast her.

Fylkesordfører Anders Riise sammen med Merete Mikkelsen og Anna Solvang fra Vest-Norges Brusselkontor.