Noreg får vidareføre støtten til regionale innovasjonsklynger.
Noreg har fått klarsignal til å vidareføre støtteordninga for regionale innovasjonsklynger. EFTA sitt overvakingsorgan ESA godkjende i januar støtteordninga for regionale innovasjonsklynger i Noreg. Målet for ordninga er å skape auka samarbeid, innovasjon, vekst og konkurransekraft i verksemder som er lokalisert innanfor eit geografisk avgrensa område.
Innovasjon Norge er ansvarleg for klyngeprogramma NCE og Arena som støttar langsiktig utvikling av regionale næringsmiljø i Noreg. ESA har no altså gitt klarsignal til at desse programma kan fortsetje. Gjennom desse programma kan offentlege midlar dekke opp til 50 % av driftskostnadane i eit prosjekt. ESA meinar ordninga er i tråd med artikkel 61 i EØS-avtalen om statsstøtte med referanse til retningslinjene om støtte til forsking, utvikling og innovasjon. Les meir her.