Noreg kjem godt ut i næringslivsundersøking.
BusinessEurope, som er ein paraplyorganisasjon for europeisk næringsliv og som representerar 20 millionar bedrifter gjennom 40 organisasjonar i 34 land, blant desse NHO, har publisert sitt årlege Europeiske reformbarometer, som måler den globale ytinga til europeisk næringsliv på ei rekkje indikatorar for slik å ha eit betre grunnlag når dei skal gje tilrådingar for ev. reformer.
Med tanke på finanskrisa i Europa er det naudsynt å byggje oppatt eit berekraftig grunnlag for å sikre solid økonomisk vekst i Europa. I den nye økonomiske ordenen føregår det ei omfordeling av rollane, og særleg Europa vert utfordra av nye marknadar som veks fram og som har gjennomført store investeringar for framtida. I lys av dette tilrår BusinessEurope særskilt enkelte land å tenkje over staten si rolle særskilt mtp. effektivitet i offentleg sektor, pensjonsreformer og tilpassing til ei ny økonomisk røynd, samt å oppmuntre til meir innovasjon og større omstillingsevne. BusinessEurope trekk fram ma. tilgang på kvalifisert og rimeleg arbeidskraft, gode rammevilkår og fjerning av hindringar for innovasjon og entreprenørskap som viktige for å stimulere til auka produksjon og skaping av arbeidsplassar.
Studien BusinessEurope har gjennomført er bygd opp av 34 strukturelle indikatorar som utgjer referanseporteføljen. Desse er igjen delt opp i fem ulike tema: ”Productivity and Investment”, “Trade and Competitiveness”, “Employment and Labour Participation”, “Fiscal Sustainability” og til sist “Financial Stability”.
I kategorien “Productivity and Investment” kjem Noreg så høgt som på ein andreplass når det gjeld “Labour productivity per hour worked”, “Labour productivity per person employed” og “Private investment (as % GDP)”, og okkuperar fjerdeplassen når det gjeld “Industrial activity (% total value added)”.
Under temaet “Trade and Competitiveness” kjem Noreg øvst på pallen når det gjeld “Current account (as % GDP)”, men endar blant dei tre landa som skårar lågast på “Export market share (gain from 2000)”, “Relative unit labour cost (gain from 2000)” og “High-tech exports (% total exports)”.
For temaet “Employment Labour Participation”, havnar Noreg på ein fjerdeplass i “Employment rate (% working age population, 15-64)” og på førsteplass i “Unemployment rate (% labour force)”. Derimot er Noreg dårleg på“Dependency ratio (working age population as % total population)” der dei endar på ein 30.-plass og på “Annual hours worked (per person employed)” der dei kjem på 29.-plass.
I den delen av studien som heiter “Public Finances and Fiscal Sustainability” er Noreg det beste landet i underkategoriane “Net debt, general government (as % GDP)”, “Government deficit (as % GDP)” og “Primary balance (as % GDP)”, men kjem heilt ned på 25.-plass når det gjeld “Tax burden (as % GDP)”.
I femte og siste del av studien som heiter “Financial Stability” skårar Noreg best av alle på “Net foreign Assets (% GDP)”, kjem på ein fjerdeplass i “Non performing loans (% total gross loans)”, femteplass i “Net financial liabilities, non financial corporations (% GDP)”, men endar heilt ned på ein 22.-plass i underkategorien “Net financial assets, households (% GDP)”.
Totalt sett er Noreg blant dei beste i klassen i Europa dersom ein inkluderar EØS-landa, saman med land som Sverige, Tyskland, Austerrike og Sveits. I studien kjem det fram at desse landa har høgt produksjonsnivå, eit robust industrigrunnlag, sterk driftsbalanse og sunne offentlege finansar.
Sjå heile undersøkinga på BusinessEurope sine nettsider.