Noreg med innspel om sitt syn på regional statsstøtte
Europakommisjonen skal revidere retningslinjene for regional statsstøtte, som gjennom EØS-avtalen òg omfattar Noreg. I samband med dette har Noreg sendt eit brev til EU med sitt syn på saka.
Noreg er einige med Kommisjonen om at mindre, men meir målretta støtte er den rette vegen å gå. Nordregio har komme med ein rapport som syner at 93% av Noreg er dekka av fjell og at 63% av innbyggjarane bur i slike område. Dette er omtala i brevet, og talar for ein sterk regionalpolitikk.
Ifølgje regionalråd Jan Edøy ved EU-delegasjonen er differensiert arbeidsgjevaravgift det viktigaste og mest målretta verkemiddelet i distrikts- og regionalpolitikken, og noko ein ynskjer å halde fram med. Edøy meinar at også investeringsstøtte til verksemder som ynskjer å etablere seg i distrikta og transportstøtte er viktig for å sikre busetnad og næringsliv i distrikta.
EØS-avtalen set grenser for kva slags støtte norske myndigheiter kan gje. Det er i utgangspunktet forbode å gje offentleg støtte som er konkurransevridande for å sikre rettferdig konkurranse. For å sikre distriktsutvikling er det likevel gjeve unntak frå denne regelen.
Kjelde: Den norske EU-delegasjonen.