Noreg og EU i grøn allianse
Noreg og EU oppretta ein grøn allianse måndag. Avtalen vart signert av Jonas Gahr Støre og Ursula von der Leyen under statsministeren sitt besøk til Belgia i samband med Nordsjøtoppmøtet i Oostende. Alliansen med Noreg er den andre grøne avtalen EU har inngått med tredjeland. Den første avtalen vart inngått med Japan i 2021.
Åtte prioriterte område:
Den grøne alliansen skal forsterke partane sitt samarbeid i arbeidet med grøn omstilling. Spesielt med tanke på vern av miljøet, overgang til grøn energi og industriell omstilling. Avtalen, som vart utarbeida under visepresident Frans Timmermans sitt åsyn, har åtte prioriterte samarbeidsområde:
- Klimaendringar
- Miljøvern
- Omstilling til grøn industri
- Rein og rettferdig energiomstilling
- Grøn mobilitet
- Samarbeid mellom regulering og næringsliv
- Forsking, utdanning og innovasjon
- Berekraftig finansiering
Avtalen går innunder EU sin grøne giv og skal sørge for at begge partar samkøyrer sin miljø- og klimapolitikk, nasjonalt og internasjonalt. Ein del av avtalen er at partane skal støtte andre land i sin grøne omstilling for å nå globale klimamål.
Kan forsterke andre initiativ
Gjennom alliansen lovar Noreg og EU å streve for å nå målet om klimanøytralitet i 2050 og for å halde den globale temperaturauken under 1,5 grader. Ei rekke eksisterande initiativ og program vert nemnt gjennom avtalen som verktøy for å styrke samarbeidet. Avtalen stadfestar viktigheita av EU sitt kvotesystem og utvikling av karbonfangst- og lagring. Det europeiske forskingsområdet og det europeiske utdanningsområdet er peikt på som viktige for utviklinga av kompetanse. Partane skal òg forsterke politisk og industrielt samarbeid gjennom det strategiske partnarskapet for berekraftige råmateriale og verdikjeda til batteri.
Avtalen er ikkje juridisk bindande, men illustrerer felles prioriteringar innan det grøne skiftet. Både Støre og von der Leyen trakk fram likskapane mellom Noreg og EU sine klimamål og dei positive konsekvensane av å samarbeide tettare om å nå dei. Frå før av har Noreg også inngått ein klimaavtale med EU, som er forankra i EØS-avtalen sin protokoll 31 om frivillig samarbeid utanfor dei fire friheiter.