Noreg uttalar seg om UUU-fiske.
Gunnar Stølsvik, prosjektleiar for Noreg si ekspertgruppe mot ulovleg, uregistrert og urapportert fiske (UUU-fiske), snakka om UUU-fiske under eit seminar i Europaparlamentet 3. mars. Ifølgje Stølsvik er EU interessert i Noreg sine synspunkt, og det var derfor Fiskeriforvaltningens analysenettverk (FFA) blei invitert til møtet.
Ein går ut ifrå at UUU-fiske kostar rundt 23,5 milliardar dollar, ca. 123 milliardar kroner, globalt. Noreg har lenge samarbeidd med Russland, EU og FN for å hindre større ekspansjon av UUU-fiske, og i tillegg hindre andre lovbrot som ofte er ein del av UUU-fiske, slik som korrupsjon, kvitvasking og menneskehandel. EU sin fiskerikommissær, Maria Damanaski, meinar at EU har bidrege positivt til nedkjempinga av UUU-fiske, men at det framleis er ein lang veg å gå. Les meir her og her.