Nytt rangeringssystem for universitet i Europa
Europakommisjonen vil til hausten koma med eit forslag om å ta i bruk eit nytt system for å rangere alle universiteta i Europa. Initiativet kjem etter at det kom fram i ein ny rapport kor mangelfulle dei eksisterande globale rangeringane er.
Rapporten ”Global university rankings and their impact” som The European University Association star bak, granskar 13 globale rangeringssystem, inkludert høgprofil-listene Shanghai Academic og Times Higher Education.
Desse rangeringane dekkar berre 3% av dei 17 000 universiteta i verda og reflekterar forskingsarbeidet på universiteta meir enn læringsmogelegheitene.
I rapporten kjem det òg fram at dei globale rangeringslistene favoriserar universiteta i dei engelskspråklege landa fordi forskingsrapportar som ikkje er på engelsk både vert sjeldnare publisert og referert til.
Europakommisjonen vil no at EU sitt U-Multirank-system skal inkluderast når direktivet for yrkeskvalifikasjonar skal oppdaterast til hausten, slik at det vert teke i bruk formelt.
Det er ikkje meininga at ein med det nye U-Multirank-systemet skal lage ei liste over dei beste universiteta, men at brukarane sjølve skal kunne velje kva institusjonar dei ynskjer å samanlikne og kva kriteria dei ynskjer å nytte seg av for å samanlikne universiteta. Ideen er at systemet skal samanlikne universiteta og ta høgde for at det finst ulike målsetjingar for universiteta, og unngå å fokusere på ein forskingsdriven konkurranse om å ha det beste ryktet.