Lars Hustveit utanfor parlamentet i Strasbourg før eit møte med EU-parlamentarikarar i «RUMRA». Foto: privat.

Nyttig opphald i Brussel

Lars Hustveit – fagkoordinator innan næringsutvikling i Sogn og Fjordane fylkeskommune – oppheld seg i tida april 2016 – desember 2016 i Brussel. Lars har skifta kontorstad mellom Euromontane, KS og Vest Norges Brusselkontor (VNB) desse månadene. Dei to siste månadene er kontorstaden VNB i Norway House. Vi har bedt Lars fortelje litt om kva han har fått ut av opphaldet.

Eg har hatt 3 hovudambisjonar med opphaldet:

  • Å utvikle ein Interreg Europe søknad om nyskaping i distriktssamfunn. Søknaden gjekk igjennom! Les meir her.
  • Å avklare nytteverdien av samarbeidet i Europa knytt til «smart spesialisering» m.a. ved å finne nyttige samarbeids-arenaer innan forsking og nærings-utvikling.
  • Å få praktisk innsikt i lobbyarbeid der Euromontana m.fl. arbeider saman med parlamentsmedlemmer for å få på dagsorden ein «rural agenda» i EU.

I tillegg forsyner eg meg med informasjon om mangt som er nyttig for meg på heimebane og ikkje minst; eg utvider nettverket mitt.

Kommisjonen legg til rette for regionalt næringssamarbeid basert på regionane si spesialisering. Eg studerer spesielt samarbeidet som er under utvikling innan fornybar energi. Eg har også vorte kjend med forskingsnettverket ERRIN; eit nettverk som legg til rette for at medlemsregionar deltek i Horisont 2020; t.d. innan tema energi og klima.

Lobbyarbeid i EU er «ei ny verd». Euromontana deltek i RUMRA, ei formell gruppe i parlamentet som arbeider saman med friviljuge organisasjonar for interessene til utkantsamfunn i Europa. Eg får innsikt i korleis arbeidet med å få ein «rural agenda» på dagsorden går føre seg og korleis organisasjonar arbeide saman med parlamentsmedlemmer.

Nytteverdien for norske distriktssamfunn er openberr; rammer og regelverk vert utvikla for EØS i EU. Dersom vi ikkje forstår korleis arbeidet med rammevilkåra våre føregår, kan vi bli framandgjorde i høve korleis regelverk oppstår og i høve rolla med å legge til rette for det politiske arbeidet i eige fylkesting.

Opphald i Brussel er viktig for å «kjenne arbeidet på pulsen». Å delta «på innsida» i Vest Norges Brusselkontor gir meg slik verdifull innsikt.

 

Kan du tenke deg eit opphald i Brussel? Les meir om hospitering her.